Teksten er henta frå Ap. gj. 4, 29-37.
Ein mobilprodusent har eit slagord som lyder omtrent slik: "Vi knytter mennesker sammen". Det er eit flott slagord, men problemet med både mobiltelefonar, epost og internett er at det er oftast det motsatte som skjer. Vi blir meir og meir tilgjengelig, men samtidig meir og meir einsame, vi blir fjerne frå kvarandre. Heldigvis er det mange ting som verkeleg knyttar menneske sammen. I lokalsamfunnet, på skular og arbeidsplassar, i familiar og nabolag. Og Gud ynskjer menneske som er knytta sammen, Gud ynskjer fellesskap.
Vi har feira pinse, det at Guds Ande kom og tok bolig i oss menneske. Og ein konsekvens av det var at menneske blei knytta sammen. I dagens tekst står det om den første kristne kyrkjelyden:
Heile flokken av truande var eitt i hjarta og hug, og ingen kalla det han åtte for sitt eige; dei hadde alt i lag.
Det høyres fantastisk ut, men når Den Heilage Ande får bo i menneske, så kan vi vente at det blir enhet, at vi blir knytta sammen, at vi deler med andre.
Ein kyrkjelyd er ein merkelig ting, den består av menneske som er veldig ulike, folk du i utgangspunktet kanskje knapt hadde likt, men det skjer noko underleg. Den Heilage Ande knytter oss sammen.
Eg høyrde ein norsk prest fortelle om eit besøk han hadde hatt i Hong Kong. Han talte på ei gudsteneste i ein kinesisk kyrkjelyd, og etter gudstenesta var det ei lengre samling med mat og fellesskap. Deretter drog han og ein misjonær på ein sightseeingtur i byen i fleire timar. Då dei kom tilbake til kyrkja var framleis heile kyrkjelyden samla. Han forstod ikkje dette, kvifor hadde dei ikkje gått heim? Men dei forstod ikkje hans spørsmål, dei sa: "Dette er jo vår familie!"
Sjølv opplevde eg dette veldig sterkt eit år vi budde i USA. På det universitetet der vi var, gjekk det studentar frå 29 land. Der var jødar og arabarar, kvite og svarte, japanarer og koreanarar, ein student var frå Iran, du kunne sjå alle slags hudfargar. Men den enhet som vi opplevde, den kjærleik og det fellesskap som var der, på tvers av alle grensene, det var heilt spesielt.
Den Heilage Ande knytter menneske sammen.
Vil du skrive e-post til Helge Standal, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Odd Nordstoga og Høgsangerne i salmen "Om alle mine lemmer".