Teksten er henta frå Lukas 2, 15-24.
God morgon!
Kva får eit menneske til å bryte opp og gi seg i veg? Og kva får eit menneske til å bryte opp og gi seg i veg I TRU? Forlate det kjende og trygge, utan sikkerheit gå i møte med Ein du ikkje kjenner, men er dregen mot fordi du anar angen av kjærleik?
I dagens ord frå den store forteljinga i Lukasevangeliet kap. 2 – møter vi menneske som tek slike sprang og lokkar oss ut på det same djupet.
Vi er tilbake i mørket julenatt. Hos hyrdane, desse som lever nær dyra og bokstaveleg tala har føtene sine på jorda. Englane har fare frå dei, står det. Himmelen har fått tilbake sitt kjende preg. Dei har gjort ei skakande erfaring. Dei har vore fælande redde og blitt trøysta av englar. Men kva var det eigentleg som hende? Og kva no?
Då tek dei spranget. Då fattar dei si beslutning i tru: Lat oss gå inn til Betlehem og sjå det som har hendt. Dei skundar seg. Overlet dei dyra til englevern? Dei finn Maria og Josef og det vesle barnet som ligg i krubba. Drevne av sitt ferske trusmot fortel dei om alt dei har sett og høyrt, deler si skakande erfaring med menneske dei aldri har sett før, men kjenner seg djupt i slekt med.
Inne i stallen veks den fram, den særeigne atmosfæren av felles tru: Dei undrar seg saman. Dei undrar seg saman til meir tru og klarare glede – og lik Maria gøymer dei alt dei har delt i sitt hjarte for å grunne på det.
Og no kjem det eine trusspranget etter det andre. Åtte dagar etter fødselen tek Maria og Josef barnet med seg til tempelet, gir det tilbake til Gud og lar det få trusnamnet. Dei svarar på alt dei har erfart med å gi barnet namnet Jesus, det som peiker framover, som skal lyse opp barnet sin veg mot eigne vaksne val i tru.
Det er umogleg å tvinge nokon til tru. Det er umogleg å tvinge seg sjølv til tru. Det kan berre bli tale om å svare på noko som har skjedd, ei gåve du har fått, ei erfaring du har gjort, i det indre eller det ytre. Ei fri beslutning: Eg vil bryte opp, eg vil gå og sjå kva det er i dette som har rørt ved meg, som eg undrar meg over.
Eg har gjort den vidunderlege erfaringa at den aldri tek slutt denne trusvegen. At den fører dit det blir meir å grunne på og meir å undre seg over og meir å takke for. At det fins ei glede for heile folket – også for meg. At det er fødd ein frelsar som også let seg føde i meg. At han har namnet Jesus. Og er Kjærleiken sterkare enn døden.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Halvdan Sivertsen syngje Trygve Hoff sin "Nordnorske julesalme".