Å la seg lede, det krev tillit mellom den som leder, og den som let seg lede.
Når eg slepp konfirmantane mine to og to inn i Nidarosdomen, og den eine har bind for augene og skal la seg lede av den andre, krev det at dei stolar på kvarandre.
At dei veit at den andre vil dei vel. Når dei er der inne, skal dei saman finne fram til skattar. Og dei skal saman oppdage nye ting. Den eine fordi ho kan sjå. Den andre fordi han stoler på den han går saman med.
Jesus seier: Joh 12,26-33.
Jesus inviterer oss denne dagen til ei vandring saman med seg. Om nokon vil tena meg, må han fylgja meg, og der eg er, der skal tenaren min óg vera.
Eg trur mange av oss treng å øve oss på å la seg lede. Vi treng å øve oss på å kunne overgi oss til noko vi ikkje heilt veit kva er.
Kanskje skulle vi, som konfirmantane i Nidarosdomen, vandre med bind for augene saman med ein som vil oss vel. Ein vi kan overgi oss til og stole fullt og heilt på.
Vi er mange som helst vil ha forsikringar om alt mogleg. Også når vi taler om å overgje oss til Jesus. Også når vi vil følge orda frå bibelen om at den som vil tene Jesus, må fylgja han.
Vi vil liksom vite at dette går bra. Vi vil ha mulighet til å trekke oss viss vi kjenner at det er utfordrande.
Vi vil vite kva gevinsten er. Kva vi oppnår. Kva vi kunne gå glipp av. Å følge Jesus er å finne fram til skattar. Det er å oppdage nye ting.
Det er å sjå medmenneske med eit nytt blikk. Eg synes forteljingane frå bibelen viser oss det gong på gong. Jesus møter menneske med kjærlighet. Med åpenhet. Med genuin interesse.
Men også alltid med det kompromisslause; - den som vil følge meg, må forlate det trygge; det vante.
Filosofen Søren Kierkegaard sa at å tru er å kaste seg ut på dei 70 000 favner. Vi veit ikkje heilt kvar det ber. Det er lov å gjere det med usikkerhet. Men trua på at det likevel er verdt det, må vere større.
Trua på at tilliten til Han som vil vel, endrar ikkje berre oss sjølve, men også det som er rundt oss. Trua på at Jesus identifiserer seg med dei som lid. Med dei minste blant oss. Med skaparverket.
"Om nokon vil tena meg, må han fylgja meg, og der eg er, der skal tenaren min óg vera. Den som tener meg, han skal Faderen æra."
La deg lede – i tillit til at Jesus vil deg vel!
Vil du skrive e-post til Ragnhild Jepsen, kan du gjøre det her.
Vi hører trondheimsgruppa Vadested framføre sin versjon av Iona-sangen "Tal Ikkje".