Teksten er hentet fra Jes. 49, 8-13.
Tru, von og kjærleik. Dei tre dygdene som Paulus samlar alt i, i sin song om "den beste vegen" i 1.Kor. 13. "Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.
Eg vil sleppe til røysta til den franske diktaren Charles Peguy som våga å snu om på denne rekkefølgja.
"Det som forbauser meg, sier Gud, det er håpet". Peguy lar Gud presentere dei tre dygdene som "mine døtre, mine barn". Trua er å likne med "en trofast hustru" og "Kjærligheten er en mor" – men "Håpet er en liten uanselig pike som kom til verden i fjor på juledagen".
"Kristenheten ser bare de større søstrene, har ikkje øyne for andre enn de to store søstrene. Det er så lett å tro at det er de to store som trekker den lille med seg…
De blinde ser ikkje at det er tvert om. At det er hun i midten som trekker med seg sine store søstre. Det er hun , den lille, som trekker alt. For troen ser bare det som er. Mens hun ser det som skal bli. Kjærligheten elsker det som er. Men hun elsker det som skal bli.
Det vesle, store håpet som til og med får Gud til å undre seg. Kan du kjenne drakrafta til "hun lille som trekker alt?" Kan du trenge eit slikt håp?
Eg byrja å tenkje på Charles Peguy sitt dikt i møtet med dagens tekstord frå Jes.49. Ved Babylons elvar sit dei bortførte frå Israel og gret. Dei er nedsøkte i den svartaste fortviling. Alle erfaringar av kjærleik og tru er sugde opp av fortvilinga. Dei kan ikkje tenkje nokon annan tanke enn at Gud har forkasta dei – for alltid.
Den geografiske avstanden til Jerusalem er blitt ein avgrunn mellom Gud og folk, ein kollektiv depresjon breier seg. Då kjem profeten. Med det einaste han har, stiller han seg framfor dei fortvilte: med ord, små ord med eit stort innhald, ord han seier kjem frå Gud, trøysteord som kan vekse til flammar av håp når dei blir tekne imot i hjartet.
Høyr mitt folk. Det skal bli ei forandring. De skal ikkje vere her for alltid. De skal få kome heim og de skal få mat på vegen.
"Dei skal ikkje svelta og ikkje tysta, korkje sol eller hete skal skade dei. For Herren trøystar sitt folk, han viser miskunn mot sine armingar."
Så let Gud få trøyste deg og, gi deg den maten du treng i dag. Det er stor kraft i eit lite håp. Det kan snu om på alt.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Sondre Bratland syngje Oskar Stein Bjørlykkes tekst, "Håp er ikkje klårvær".