Teksten er henta frå 5. Mosebok 15, 7-11.
I namnet åt Skaparen, Frigjeraren og Livgivaren. Amen.
I morgon er Sankt Hans, minnedag for Johannes, som bana veg for Jesus. I dag vil eg nytte høve til å heidre mor hans, Elisabet. Elisabet er den store veninna, - eit forbilde for vennskap. Så kva med å fundere litt over vennskap i dag?
Elisabet er faktisk den første kvinna vi møter i historia om Jesus Kristus i Det nye testamentet. Av dei fire evangelistane er det berre Lukas som fortel om henne. Lukas fortel at Elisabet og Maria, Jesu mor, var slektningar og nære fortrulege. Det første Maria gjorde då engelen hadde fortalt at ho skulle få barn, var å gå opp til fjellbygda der Elisabet budde. Der heldt ho seg dei tre første avgjerande svangeskapsmånadene.
Maria og Elisabet – to hjartevenninner. Ei å gå med alt til, både sorger og gleder. Ei som har tid, nyskjerrigheit og interesse for nettopp meg. I tre månader budde dei to veninnene saman under same tak, og dei hjelpte ein annan til å forstå dette underlege, underfulle og skræmande som hende med dei.
Maria bankar på døra til Elisabet. Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar – barnet som kom til å heita Johannes, og som vi skal feire i morgon - og ho ropa med høg røyst: AVE MARIA "Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv, ... då helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd!"
Kva med å oppsøke ei venninne eller ein venn i dag. Eller takke for at vennskap fins og har funnest. Det er så flott med slike menneske som vil ein vel. Som ein kan dele det tunge med, men som og har rom og plass til å glede seg og juble saman med ein, - som er så rause at dei heier vennen fram!
Elisabeth er vel verd ein hyllest og ein jubel. Som eit forbilde for alt vennskap: Ho støtta veninna og såg det store. Ho ante at dei to kvinnene var med å skrive historie, legge til rette for jubelåret: frigjering – oppreising – tilgjeving – lik fordeling – rettferd.
Vil du skrive e-post til Kari Veiteberg, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer frå Barbara Hendricks si innspilling av Schuberts "Ave Maria".