Teksten er henta frå Salme 81, 9-14.
“Du skal ikkje ha
nokon framand Gud,…"
Det må ha vore ganske annleis å vere forkynnar eller prest i den tida alle trudde på ein eller annan gud. Den gongen religion tente som svar på alle dei gåtene menneska ikkje forstod og forklarte alle dei kreftene menneska ikkje beherska. Den gongen var ikkje spørsmålet om Guds eksistens så påtrengande.
Spørsmålet då var kva for ein gud du trudde på og om denne guden var sterkare og mektigare enn guden til nabofolket. Eg kjenner meg ikkje særleg igjen i den problemstillinga, sjølv om religionskrigane enno rasar i verda og eg er av dei som enno vedkjenner meg ein spesiell religion.
“Du skal ikkje ha
nokon framand Gud,
du skal ikkje tilbe andre gudar!"
Eg forstår i grunnen dei som stussar over at ein kan velge seg ein religion og meir eller mindre fornekte dei andre. Også vi som har gjort eit slikt valg, må kunne sjå at det er noko som skurrar i dette.
Det er på ein måte for menneskeleg å tru at akkurat vi har funne den heile og fulle sanninga. Det har vi neppe. Men behovet for å tilhøyre og tilbe nokon som ein kjenner og som har eit namn og ei historie blant menneska, det trur eg er eit godt og sant behov og eg trur Gud har kome oss i møte på det behovet.
Med tilbedelse meiner eg ikkje den voldsome lovprisinga og den religiøse ekstasen. Eg tenkjer meir på den stille vissheita om at der fins nokon som er større enn meg og som faktisk fortener tilbedelse.
Noko som er heilt og godt. Eit positivt mål for alle desse følelsane vi menneske ber på som er for store for oss og som vi ikkje veit kvar vi skal gjere av.
Det har vore sagt at vi menneske skaper oss ein gud nettopp fordi vi treng han på den måten - som ei kjelde til det som er for fantastisk og ein konteiner for det som er for grusomt. At Han oppstår som ein illusjon når vi står ved grensene for kva vi kan bere av godt og vondt.
Eg trur det fins ei grense for kva vi kan bere av godt og vondt, sjølv om vi, som fellesskap, kanskje ikkje har nådd den endå. Viss det står nokon der ved den grensa, og tek imot oss - så er Han verd å tilbe.
Vil du skrive e-post til Ingeborg Overvoll, kan du gjere det her.