Teksten er hentet fra Hebr. 13, 20-21.
Dei fyrste kristne teologane var veldig opptekne av pakter. For meg, og eg vil tru for mange andre, er dette eit nokså framandt ord. Pakt er ein form for gjensidig forpliktelse – ein veldig sterk forpliktelse og det Gamle Testamentet handlar langt på veg om slike pakter, mellom Gud og menneska.
Pakter vart gjerne besegla gjennom eit offerrituale. Det var teikn på alvoret og på kva konsekvensar det ville føre med seg å bryte pakta. Det er på denne bakgrunnen dei kristne teologane snakkar om den nye pakta i Jesus sitt blod. I den, var det Jesus som var sjøve offeret.
"Fredens Gud, han som førte den store hyrdingen for sauene, vår Herre Jesus Kristus, opp frå dei døde i kraft av ei evig pakts blod, han gjere dykk skikka til alt som godt er,…
Dette med stedfortredande offer og blod er vanskeleg å forstå. At Jesus var eit godt menneske som let seg drepe i freden og kjærleiken sitt namn, det trur eg dei fleste er einige om. At hans død skulle ha reelle konsekvensar for menneska si framtid, det blir meir mystisk, - særleg når verda ser ut til å hangle vidare på akkurat same viset. Det er mystisk, og vi kjem til kort når vi skal forklare det, alle saman. Derfor endar vi fort opp med ord som er henta frå fortida – tunge metaforar som ikkje heilt treff livet i dag.
Om det traff den gongen det skjedde, er ikkje godt å seie. Kanskje var det nettopp mangelen på ord som gjorde at dei fyrste kristne teologane også søkte bakover, til det gamle ritualspråket – til pakter og offer. Jesus sjølv sa ikkje så mykje om dét.
Trangen til å nærme seg det guddommelege gjer oss åpne for ritualspråk. Kven oppsøkjer ikkje dei store katedralane i Europa og lar seg fylle av mystikken og storheita? Det ligg mykje god inspirasjon i det ein berre anar – i dei store gåtene og dei store orda.
Men, når vi har forlatt katedralen og eg skal formidle det konkrete innhaldet i evangeliet – den nye pakta – til eit moderne menneske som kanskje har radioen på i bilen, då kjenner eg at eg manglar ord. Truleg må eg, nok ein gong, nøye meg med å gi eit vitnesbyrd. Fortelle kva eg trur.
Vil du skrive e-post til Ingeborg Overvoll, kan du gjøre det her.