Teksten er henta frå Apgj. 2, 1-11.
Har du sett vinden i dag?
Kanskje har du høyrt susing i tretoppane eller sett støv som virvla opp frå bakken. Kjent noko som strauk langs kinnet ditt også.
Men har du sett vinden? Bibelen fortel:
Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad. Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i. Tunger, liksom av eld, viste seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei. Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre tungemål etter som Anden gav dei å forkynna.
I Jerusalem budde det fromme jødar frå alle folkeslag under himmelen. Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor folkemengd, og det vart stor forvirring, for kvar og ein høyrde at det vart tala på hans eige mål. Reint frå seg av undring spurde dei: "Men er det ikkje galilearar, alle desse som talar?
Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål? Vi er partarar og medarar og elamittar, folk som har budd i Mesopotamia, Judea og Kappadokia, i Pontos og Asia, Frygia og Pamfylia, i Egypt og i områda ved Kyréne i Libya, vi er innflyttarar frå Roma, jødar og proselyttar, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!"
Eg skulle så veldig gjerne ha vore der då suset fylte huset i Jerusalem og eldtungene sette seg på hovudet og gjorde at menneska der kunne tale all verdas språk. Interessant hadde det vore! Og fascinerande. Morosamt!
Der var Gud!, - den dagen kom han til menneske med sin Heilage Ande. Men såg dei det, dei som var der? Såg dei Gud?
Det dei såg, trur eg, var menneske med glødande andlet og skin i augo. Det dei høyrde var evangeliet om Jesus tala på sitt eige språk. Plutseleg var det ikkje lenger framandt, men nært og verkeleg. Dei kjende at Gud var nær, som noko som strauk dei over kinnet. Det var trøystande. Frigjerande.
Det gav dei mot til å fortelje vidare om det dei hadde opplevd.
Det løyste det som stengde. Det gav fellesskap og tru. Frå den dagen suset kjentest gjennom huset i Jerusalem, veit vi at Gud er i blant oss.
Vi kan ikkje sjå vinden. Men vi merkar godt kva den gjer. Slik er det også med Gud.
Vil du skrive e-post til Ragnhild Jepsen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer "I all sin glans nu stråler solen" med Povl Dissing.