Det er siste dagen i 2003, nyttårsaftan. Ein spesiell dag, der vi gjer oss mange tankar både om fortida og om framtida. Å gjere opp status er ikkje alltid lett. For året som ligg bak oss har ikkje berre vore gode opplevingar og gode minner, men også mange skuffelsar, fall og nederlag på så mange område. Vi har svikta både i det vi har gjort, og i det vi ikkje har gjort.
Men blir ikkje alt nytt i kveld? Eit nytt år byrjar, med nye sjansar, er det ikkje som å få eit nytt, blankt ark med fargestiftar til?
Det er berre det at livet blir ikkje nytt sjølv om ein kalender vert skifta ut med ein anna. Vi hadde ynskt at det var slik, og kanskje er det difor nokon vel å drikke seg full nyttårskvelden, for så å kunne starte på ny frisk 1. nyttårsdag? Men det gamle året let seg ikkje gløyme. Det er der, med dei gamle tømmermenn, dei gamle nederlaga, den gamle skulda, mitt gamle eg. Livet blir ikkje nytt sjølv om vi i morgon byrjar på et nytt år.
Og samtidig ser vi denne dagen framover, inn i ei framtid som kan verke uroleg og vanskelig. Vi har bekymringar for oss sjølve, for ungane våre, for sjukdom, for økonomi. Det er få eller ingen som går inn i det nye året utan å kjenne på denne uroa. Vi vonar at året som ligg framfor oss skal bli godt, men vi veit at det er ikkje nok å håpe, livet er ofte vanskelig og tøft, og vi er redde for at det ikkje skal bli slik vi hadde drøymt om eller vona.
I dag kjem Gud oss i møte gjennom sitt ord. Og han kjem med tilgjeving for vår fortid og håp for vår framtid. Høyr kva det står i Klagesangane kap.3 om den fortida som vi slit med: Det er ikkje ute med Herrens nåde, hans miskunn tek aldri slutt. Kvar morgon er ho ny, stor er din truskap.
Guds miskunn er ny, også denne morgonen. Han gir oss ei tilgitt fortid, han stryk ut det som har vore. Hans truskap er stor, hans miskunn er ikkje forbi.
Og han gir oss håp for vår framtid. Høyr kva teksten seier vidare: Eg seier: Herren er min lut,
difor vonar eg på han. Herren er god mot dei som ventar på han og søkjer han. Det er godt å vera still for Herren og venta på hjelp frå han.
Også når vi går inn i eit nytt år kan vi vente på hjelp frå Herren. Kanskje kan du ta deg tid denne nyttårskvelden til å vere stille og søkje Gud. Takke han for hans miskunn, be om hans hjelp i det nye året.

* * *
Sverre Moe synger "Hver dag er en sjelden gave".