Teksten er henta frå 1. Kor. 11,23-26.
Eg trur på ein Gud som vaker over retten. Som aldri skal gløyme ugjerningane mot fattigfolk og undertrykte. Som krev dei ansvarlege til rekneskap. På Herrens dag. Men kva er det som skjer i Gud når handa hans er løfta, og den rettferdige dommen skal fullbyrdast over dei skuldige? Det får vi kjennskap til gjennom profeten Hosea, kap. 11. Han ser like inn i Guds hjarte.
Korleis kan eg gje deg opp, Efraim, la deg fara, Israel? Hjarta vender seg i meg. All min medynk vaknar. Eg vil ikkje fylgja min brennande vreide, vil ikkje tyna Efraim. For eg er Gud – og ikkje eit menneske, heilag midt imellom dykk. Eg vil ikkje koma med harme.
Eit blikk inn i sentrum av universet, i det Martin Luther kalla ein glødande bakaromn av kjærleik, Guds hjarte, eit glimt av kampen i Gud sjølv, mellom heilag harme og altomfattande ømheit. Dei er begge dimensjonar av kjærleiken, men sidan Gud er Gud og ikkje eit menneske, er det ømheita som vinn: Eg kan ikkje øydelegge det eg har skapt.
Offer og gjerningsmann, eg har skapt dei begge. Alle menneske har eg elska fram. Alt levande har eg fødd. Eg må finne ein annan veg. Ein annan veg enn rettsoppgjeret. Min eigen veg. Ein veg i meg. Høyr menneske, her inne i djupet av Guds hjarte, blir det nye håpet fødd, håpet om forløysing for alle menneske og for heile skapningen.
Eg, Gud, vil opne mitt hjarte, eg vil tømme det, ofre det, gi meg hen, eg vil sjølv bli mat for verda og dra alt eg har skapt inn i kjærleikens rørsle og forvandle det innanfrå. Eg vil gi min Son til frelse for dei fortapte.
Som eit ekko av profeten Hosea, som Guds hjartesvar på det mørket av urett som breier seg over jorda, kan Paulus i 1. Korintarbrev sitere frå den kristne nattverdsliturgien:
Den natt Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød, takka og braut det og sa: Dette er min lekam som er for dykk. Gjer dette til minne om meg! Likeins tok han kalken etter måltidet og sa: Denne kalken er den nye pakt i mitt blod. Så ofte som de drikk av han, så gjer det til minne om meg. For så ofte som de et dette brødet og drikk av kalken, forkynner de Herrens død til dess han kjem.
Kan vi kome nærare saka si kjerne; sentrum i det kristne evangelium: når Gud gjer seg sjøl til mat for verda i stadenfor til Herre over den, når han blir vår Herre ved å by seg sjøl fram i det einaste måltidet som kan mette svolten i vårt hjarte?
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.