Teksten er henta frå Joh. 14, 21-26.
Resultatet av haustens Stortingsval er klart, og dei folkevalde førebur seg på fire år på tinget, saksbehandling og tautrekking, mediakjør og meiningsmålingar. Tida for valkampanjar er over. No er det resultata som tel. Veljarane og media vil minna politikarane på det dei lova i valkampen, og spørja dei kva dei har gjort for å halda lovnadene sine. Det hjelper ikkje at dei lovar og lokkar, dersom dei ikkje innfrir når dei får makta til det. Berre gjennom handling kan politikarane visa respekt for dei som har valt dei.
I teksten i Johannesevangeliet kapittel 14 seier Jesus: ”Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han”. Det er ei sterk utfordring Jesu tilhøyrarar får: Dei skal visa sin kjærleik til Gud gjennom handling, gjennom truskap mot hans ord og bod. Det duger ikkje med varme lovnader og gilde kjærleikserklæringar. Gud spør etter handling, om vi vil visa fram kjærleiken vår ved å følgja hans føreskrifter.
Ein skulle ikkje tru at Gud hadde bruk for våre puslete gode gjerningar og vårt strev for å leva rett. Han har vel innsett for lenge sidan at vi ikkje strekk til, at misgjerningane våre er fleire enn velgjerningane! Han viste jo det då han sende Jesus for å retta opp att det synda og urettferda vår hadde øydelagt. Likevel spør han etter handlekraftig kjærleik. For han veit at vi treng det! Våre medmenneske treng det. Denne jorda treng det. Alt vi har av iver og krefter, skal vi setja inn på å gjera det gode og følgja Guds vilje og bod. Jamvel om vi kjem til å snubla, jamvel om vi kjem til å bryta lovnader og gode forsett.
Og kva lovar han oss? Sin kjærleik. Guds kjærleik, Jesu kjærleik. Den kjærleiken som ofra Gud sjølv for å berga oss frå vår eigen undergang. Og om vi går frå løfta våre, og om vi ikkje innfrir jamvel når vi prøver som best vi kan, så sviktar ikkje Gud. Han held det han lovar. Guds ord og løfte er langt meir enn valpropaganda, dei er evige og til å stola på.
Jesus seier: ”Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han”.
Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer det territoriale Hornorkesteret til Frelsesarmeen og solist Sondre Bratland med ”Løftene kan ikke svikte”.