Teksten er henta frå Efesarane 2, 1-10.
Mange tryllekunstnarar kallar seg illusjonistar. Med det vil dei streka under at dei ikkje driv med trolldom. Dei spelar sansane dine eit puss. Eller snarare hjernen, som tolkar impulsane frå sansane, prøver å sjå ein samanheng. Det me oppfattar, kan byggja meir på tidlegare opplevingar, enn det me faktisk sansar. Det er ofte bra. Men det hender at me lurer oss sjølve.
Eg var på ferie i Nord-Norge i sommar. Eit eventyr! Som ein ekstrabonus skein sola over oss ti netter på rad. Det hende det kom ei sky, eller at terrenget stengde for solskiva. Men oftast såg me i det minste strålene oppe i lia, eller på andre sida av fjorden. Ho berre skein og skein, sola. Som om ho ikkje hadde anna å ta seg til.
Nokre kjenningar reiste nordover med Hurtigruta. Mange av passasjerane var utlendingar. På Helgelandskysten fekk dei seg forklart at nå kom ikkje sola til å gå ned heile natta. Nokre franskmenn hadde særleg vondt for å begripa dette.
Det var så ulogisk, streid mot all erfaring. Vent og sjå, sa kjenningane mine. Klokka blei tolv. Sola skein. Ho blei eitt. Ennå var det god klaring til horisonten. Klokka to, då sola heller var på veg opp enn ned, kunne ikkje kjenningane mine dy seg. Var dei overbeviste nå, franskmennene? Men dei nekta å gje seg. Det måtte vera noko muffens. Noko med klokka? Alt anna streid mot både fornuft og erfaring.
Paulus skriv til dei kristne i Efesos. Om Gud. Det blir feil, seier Paulus, å tenkja at Gud er som oss. Han er på avgjerande vis forskjellig.
Erfaringa har lært oss at ting heng i hop. At svik og likesæla har sin pris, som nokon må betala. Det kan fort bli du som sit med rekninga. Dessverre. Difor kan du ikkje vera berre god, i det uendelege. Då blir du brukt. Før eller seinare blir så uttappa at du ligg der, tom.
Så er det vel omtrent der me har Gud òg, tenkjer me. Ein som nok kan vera god, men då som ein del av ein tosidig kontrakt: Er du grei med meg, er eg grei med deg.
Feil, sier Paulus. Gud er ikkje balansert, men god hinsides all erfaring, all fornuft. Det er ikkje lett å finna ord for det som er så forskjellig. Paulus skriv om Guds "overstrøymande rikdom på nåde i Kristus Jesus"(Ef 2, 7). Omtrent som midnattssola som aldri gir seg.
Pussige greier.
Vil du skrive e-post til Jon Ådnøy, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer "Lutherska Misjonskyrkans kör" framføre "Helig".