Ein dag kom den fattige fiskaren Aanen frå Lista, til forfattaren Thomas Krag og spurde om han ville sjå noko hjå han. Så tok han ikkje noko mindre enn ei perle frå ei øskje og viste henne til diktaren. Perla hadde han funne for tre år sidan i eit stort østersskal, og han trudde at no var han ein rik mann med det same; for den perla måtte vel kunna skaffa han noko bortimot hundre dalar.
Han reiste til byen same dagen. Men der ville dei berre gi han halvannan dalar for perla, fordi ho var norsk. Hadde ho vore kinesisk eller noko av den sorten, så skulle han fått så mykje meir for henne.
"Men se, det begreb ikke Aanen. Og derfor gik han hjem igjen og beholdt Perlen for sig sjel. For hun glinsed saa fint, at hun ikke skulde gaa fra ham for den Pris.
Gud ved, jeg syntes det var saa vakkert at se den gamle Sjømand staa med Perlen i Næven og se paa den. Den passed bedre i hans Haand end i mangen andens," seier Thomas Krag.
For meg vart dette eit bilete på trua. Gamle Aanen hadde funne noko som han straks skjøna var verdfullt. Det skulle gjera han rik, og han hadde ein tanke om omsetnadsverdien på den vakre perla. Men så blir han avvist. Hans vurderingar har slått feil. Dette er ikkje noko som kan gjerast om i store summar. Perla kan ikkje gjera han til ein halden mann.
Forhandlaren i byen foreslår halvannan dalar; han synest vel han er raus mot den gamle fiskaren då. Men Aanen forstår likevel at perla hans i bymannens auga ikkje er stort å samla på, og i alle fall ingen veg til velstand.
Men Aanen gir ikkje perla frå seg der ved disken fordi ho ikkje passar inn på denne verdas verdiskalaer. Han veit at ho er verdifull: "For hun glinsed saa fint, at hun ikke skulde gaa fra ham for den Pris". Og han tar perla med seg heim og legg henne i ei øskje; og framleis, tre år etter, gjer denne perla Aanen til ein rik mann. Han kan leggja den vakre, skinande perla i ei grov fiskarhand og visa ein annan at han har ein skatt; noko umissande og uomsetjeleg, noko uforståeleg verdifullt.
Slik er det med Guds-trua også. Ho er ikkje alltid lett omsetjeleg. Ho gjer oss korkje velståande eller populære i manges auge. Ofte opplever den som trur, at andre seier: Kast trua frå deg; det er berre skrap alt saman. Det er gått ut på dato for lenge sidan; han du trur på er død, og venene hans har vist seg upålitelege.
Men trua er ein kosteleg skatt. Ho gjer deg rik i tida og æva. Kast ikkje vrak på trua di; ho er ei perle. Gøym henne i hjarteskrinet ditt, og ta henne fram og vis henne til ein annan.
Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.
* * * *
Vi hører Bjørn Eidsvåg i salmen "Ein fin liten blome".