Korleis er draumelandet ditt? Mange har eit bilete av ein fullkomen stad, ein stad der det er godt å vera. Somme minnest sin barndoms hage, eller sin ungdoms skog; andre ser for seg svaberget ved ei hytte; havsens dønningar eller fjellvidda.
Somme drøymer om den store byen med dei rette avenyane og staselege parkane; eller om småhusidyllen i gøymde sidegater. Men det er ofte eit hefte ved desse draumane; dei er stundom så fjerne og uoppnåelege; det lurer skuggar mellom trea og slangar i paradiset; det spøkjer i gamle hus og gufsar frå opne gluggar.
Gamle Johannes, kjærleikens apostel, er forvist til øya Patmos. Han er den einaste av Jesu tolv læresveinar som skal få døy ein naturleg død. I fangenskapet kjem Guds engel til han og viser han glimt frå framtida, når tida tar slutt og himmelen og jorda går under.
Det er skremmelege syner; syner fylte av eld og røyk, av skrik og jammer, av blod og redsle. Syner som har skremt og fascinert menneske i to tusen år. Men Johannes får også sjå inn i draumelandet, staden som både er hage og by, plassen der skuggane har vike, forbanninga er heva og tida er endelaus.
Johannes fortel:
Engelen synte meg ei elv med livsens vatn; klår som krystall renn ho ut frå kongsstolen til Gud og Lammet. Midt imellom bygata og elva står livsens tre, fritt til begge sider. Det ber frukt tolv gonger og gjev si frukt kvar månad. Og lauvet på treet er til lækjedom for folka.
Det skal ikkje lenger finnast noko som er under forbanning. Kongsstolen til Gud og Lammet skal vera i byen, og tenarane hans skal tena han. Dei skal sjå Guds åsyn, og namnet hans skal vera på panna deira. Natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje ljos av lampe eller av sol, for Herren Gud skal lysa over dei. Og dei skal råda i all æve.
Og engelen sa til meg: 'Desse orda er truverdige og sanne. Herren, den Gud som gjev profetane sin Ande, har sendt sin engel for å syna tenarane sine det som snart skal henda. Sjå, eg kjem snart. Sæl er den som tek vare på dei profetiske orda i denne boka (Op 22,1-7).
På dei første blada i Bibelen er Edens hage skildra, paradiset som menneska vart utestengde frå pga. av synd mot Guds vilje. Det siste kapitlet i Bibelen framstiller også eit paradis.
Den viktigaste skilnaden mellom det første Eden og Guds fullkomne framtidsrike, er at Gud sjølv bur midt mellom menneska; han står for styret, hans kongsstol står på torget i byen; frå han kjem vatn og liv og solskin. Han garanterer for fred og fryd, for rikdom og rettferd, for lykke og lys. Den gamle forbanninga frå syndefallets hage er oppheva for all tid.
Så endar ho godt, den store boka. Boka som i starten skildrar menneskets store katastrofe, endar med håpet om paradis. Men mellom byrjinga og slutten ligg alle sidene som fortel om korleis det gjekk til.
* * * *
Vi høyrer Iselin Alme og Gunstein Draugedalen i songen "Du er hjemme" skriven av Eyvind Skeie og Sigvald Tveit.