Då eg var lita jente, tenkte eg mykje på himmelen. Ein gong låg eg sjuk heime på divanen i stova. Då syntest eg at eg såg himmelen for meg; veit ikkje om det berre var ein draum eller om det var feberfantasiar med i spelet. Men eg syntest i alle fall at eg sat på muren i himmelbyen og dingla med beina. Og så såg eg ut på det, og på dei, som var på utsida. Og der, mellom dei som ikkje var inne i byen, var skuletannlegen!
Eg hadde berre vore ein einaste gong hjå denne tannlegen, men han skremde meg slik at eg ikkje sette mine bein der meir. Det var korkje stolen eller boret som heldt meg borte. Men det var det grove språket han brukte.
Tannlegen sa så mange stygge ord. Dei var ikkje eingong til meg, men galdt barnet på nabokontoret, som skreik så fælt. Men det gjorde sterkt inntrykk på ei lita jente. Det var sjølvsagt ikkje tannlegeyrket som ikkje passa inn i himmelen, det var det fæle snakket.
Bibelteksten i dag talar om at det er eit utanfor og eit innanfor i himmelriket. Han brukar eit bilete for å skildra dette: Det er tale om ha reine klede. Berre dei som er reine, slepp inn. Vel; det var det, tenkjer kanskje somme.
Så er himmelen ein stad for dei prektige då; dei som tenkjer og talar og handlar rett og reint og godt, den snøkvite sjela, engleborna. Har du tenkt deg til himmelen med plettar på deg, så: Berre gløym det!
Men teksten seier også noko om klesvask. Det finst ein stad som garanterer fullkoment resultat for åndeleg klesvask. Openberringsboka fortel om dei som har vaska kleda sine skinande kvite i Lammets blod. Eg har alltid undra meg over dette.
At klede skal bli kvite i blod; det er ikkje til å forstå. Det er eit paradoksalt bilete. Men det er nettopp poenget. For dette biletet, som seier at Jesu soning for syndene gjer oss reine for Gud, fortel også at ei slik forvandling er umogleg sett med menneskelege auge. Berre ein kan gjera dette umoglege: Gud.
Orda i Johannes openberring, kap. 22, lyder: "Sæle er dei som vaskar kleda sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen".
Eg veit ikkje korleis det er gått med min barndoms tannlege; eg hugsar ikkje namnet hans eller korleis han såg ut, berre at han skremde meg med snakket sitt. Men han og eg har akkurat same sjansane til å gå inn gjennom portane i den evige byen. Det gjeld berre å få vaska kleda sine.
Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer Elias Akselsen i songen "Hvitare enn snø".