Teksten er henta frå 1. Kor. 15, 6-11.
God morgon!
Mor mi, mor Ester, levde gjennom heile langfredag 2004, og like over midnatt på dagen før påskedag anda ho ut. Fredeleg. Med sine rundt seg som ho hadde ønskt. 84 år gamal.
Det var underleg for oss borna å følgje henne, dei siste månadene, dei siste vekene, dei siste dagane, dei siste timane av livet hennar. No tenkjer eg: det siste mor gjorde for deg, var å la deg gå i skule hos henne, med undervisning i den siste tid.
Ho var ei varmhjarta kristen kvinne, med røter i bedehuset på Vatne ved Ålesund. Men di nærare ho kom slutten, di meir vart ho eit stort ope spørsmål: Kven er eg? Og kva er det som hender med meg no? Stadig færre ord og oppbyggelege sangstrofar, stadig meir verkelegdom.
Til sist: ikkje eitt ord, berre rein verkelegdom. Vi som står ved senga hennar høyrer ikkje noko svar på spørsmål ho stiller. Men vi forstår at ho får svar, eller rettare blir svaret, blir det mennesket ho er i det ho fullfører løpet og Gud tek henne gjennom nålauget til det evige livet.
Kven er eg? Kva skal eg bli? Kven skal eg bli til slutt? Desse spørsmål om vår identitet. Dei same spørsmåla arbeider Paulus med når han skal legitimere seg som apostel overfor kyrkjelyden i Korint (1. Kor 15). Det overraskande er at han ikkje peiker på det han har blitt som person, berre det han har teke imot av erfaringar og korleis han har teke vare på dei. Eg gir vidare til dykk, det eg har teke imot, seier han.
Først vitnemålet om Jesus Kristus. At han levde, døydde for syndene våre etter skriftene, at han vart gravlagd og at han sto opp att.
Eg tok imot vitnemålet frå truverdige personar og gav det vidare til dykk.
Så overleveringane om at Han viste seg som den oppstadne. Først for Peter, så for dei 12. Så får meir enn fem hundre brør på ein gong. Eg tok imot dette vitnemålet – og gav det videre til dykk.
Og til sist dette: At han viste seg for meg, Paulus, eg, eit ufullbore foster, den ringaste av apostlane, ikkje verdig til å vere apostel slik eg har levd. Men han viste seg for meg til slutt. Også kjem den nydelege, opne konklusjonen: "Av Guds nåde er eg det eg er, og hans nåde mot meg har ikkje vore fåfengd."
Høyr: Vi kan slappe av på desse identitetsgreiene. Men Gud hjelpe oss å ta imot det livet vi får og gi det vidare til andre. Då kan vi som Paulus nå fram til eit sunt sjølbilete: Av Guds nåde er eg det eg er. Nåde alt saman, men den var ikkje fåfengd.
* * * *
Vi hører Elias Akselsen i salmen "Å at jeg kunne min Jesus prise".