God morgon. I dag trengst eit adventlys på morgonkvisten. Kva gjer ein nordmann når livet går han imot? Alf Prøysen svarar på det: Hæin gret i ville skauen: Dette blir min siste dag! Ikkje særleg oppløftande, om det er sant som ordtaket seier: "Som du ropar i skogen får du svar".
Eg hørte ein påstand om at nordmenn har dårleg utvikla religiøst språk. Mange av oss har lagt merke til det i katolske land - korleis dei som er heime der veit korleis dei skal vera i ei kyrkje, med armar og bein og heile seg. Kanskje har me sett noko av den same tryggleiken i ei karismatisk forsamling.
Dei kan vagga på kroppen, løfta hender og lukka auga, utan at dei ser ut til å kjenna seg brydde i det heile tatt. Heller tvert imot. Men dei fleste av oss, me har ikkje så mange måtar å gjera det på, om me vil inn i det terrenget som har med tru og Gud å gjera.
Kanskje går me ut i skogen, eller på fjellet, på sjøen. Glanar i veggen. Set på høg musikk og lar den overrisla tanke og sinn.
Slike ting kan vera sterke nok. Men det er vel framleis ein åndeleg analfabetisme, eit rop utan ord. Eller kanskje me heller skulle seia: Mange av oss har ein religiøs sjenanse, som det ikkje er enkelt å setja strek over. Å våga seg inn i ein religiøs praksis kan kjennast like umulig som å gje seg ut på dansegolvet for aller fyrste gong. Så blir me heller ståande bortmed veggen.
Media serverer oss stadig artiklar med oppskrift på korleis me kan klara alt, om det er å steika biff, få det beste banklånet eller fiksa samlivet. [object]Bibelen har innimellom den same praktiske tilnærminga.
Salme 102 i Det gamle testamentet startar med ei bruksanvising: "Bøn til bruk for ein lidande, når han er kraftlaus og klagar si naud for Herren". (v.1). Mon det ikkje er litt norsk at me trur me må laga vårt eige religiøse språk, heilt frå scratch, og helst kvar for oss.
Men der finst alt både gloser og grammatikk, til fri bruk for kven som helst. Der er tonar og ord, rørsler og bilde, stader og tider som me kan leggja våre liv inn i. Når me "er kraftlause og klagar vår naud for Herren". [object]Kva så? "Han - det er Gud - han lyder etter når armingar bed, og vanvørder ikkje deira bøn".
Vil du skrive e-post til Jon Ådnøy, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer Lutherska Misjonskyrkans kör syngje "salme 42".