Teksten er henta frå 1. Tim. 6, 11-16.
God morgon!
Er eg der eg skal vere - eller skal eg ein annan stad? Til dømes: det arbeidet eg har no, skal eg såa meg til ro med det - eller skal eg bryte opp frå det? Den indre uroa eg erfarer, er det ei konstruktiv eller destruktiv uro, eit signal om at det er på tide a kome seg vidare - eller rett og slett rastløyse? Kan du kjenne deg att i den uvissa? Det finst ei tid for å bryte opp og ei tid til å falle til ro i det som er. Kva er sant no?
Når eg ser på mitt eige liv, oppdagar eg kor mykje energi som har rent ut fordi eg har vore delt. Desse tankane fekk eg i møte med dagens tekstord i Paulus sitt første brev til Timoteus, kap 6. Det er Læraren som talar til Eleven, den som har gått lenge på vegen til den som er i byrjinga, apostelen til ein ung medarbeidar:
Eg byd deg for Gud, som gjev alle ting liv, og for Kristus Jesus.... Ta vare på oppgåva di, og hald henne rein og ulastande til vår Herre Jesus Kristus kjem i herlegdom.
Timoteus, ver trufast, vis truskap mot det oppdraget du har fått. Gi deg heilt i den. Strid trua sin gode strid i den. Ta deg i vare for trongen til makt og ære og pengar. Finn deg sjøl i det du har og jag etter det gode der: rettferd, gudsfrykt, tru, kjærleik, tolmod og spaklynde!
Timoteus: elsk det livet du fekk og oppgåva som var gøymt der! Slik skal det vere fordi du tener han som er heilt fri, han som er herren over herrane, den einaste som er udøyeleg, og som bur i eit Ijos der ingen kan koma, han som inkje menneske har sett og ingen kan sjå. Han skal ha ære og evig makt! Amen.
Det er ein skakande bodskap: Lat Gud vere fri, så blir du fri. Lat Gud få være den Han er, sa kan du bli deg sjøl.
Lat Gud få vere den usynlege, den som ikkje kan fangast i nokon definisjonar, den som fortener var inderlegaste tilbeding. Så kan du finne fred og fridom i eit jordisk oppdrag som ikkje er langt borte, men her og no.
Gud, lær meg å se at hvor jeg går, følger du med. At dine øyne ser, alt som meg skjer, alt som meg skjer.
Gud, lær meg å ta det som du gir og takke glad. Lær meg å bruke godt, alt jeg har fått, alt jeg har fått.
Gud, lær meg å stå, der hvor du vil. Og lær meg så, hva jeg skal gjøre der. Vær du meg nær. Vær du meg nær.
(Kristin S. Schøyen)
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Ulla-Carin Börjedotter i songen "Denne dag ett liv".