Teksten er henta frå Gal. 6, 1-10.
Visste du at du har ein bror på andre sida av jorda? Og ei syster på kontinentet under oss på jordkloden?
Bundne saman er vi i livshjulet som går og går. Hjå oss feirar vi midtsommar i dag. I andre delar av verda har dei vinterferie på denne tida.
Det er rart og fint på ein gong. Det utvidar perspektivet vårt på livet viss vi greier å sjå oss inn i fellesskapet vi er sett i.
Brevet som apostelen Paulus skreiv til kyrkjelyden i Galatia opnar for å tenke stort om samanhengen vi lever i:
Ber børene for kvarandre, og oppfyll på den måten Kristi lov.
Lat oss gjera det gode og ikkje trøytna! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp. Så lat oss gjera godt mot alle så lenge det er tid, og mest mot dei som er våre sysken i trua.
Det er tid for å gjere det som er godt! Bere børene for kvarandre!
Bibelen utfordrar oss til å sjå oss omkring etter dei som treng oss. Uavhengig av økonomi eller krefter eller helse har vi alltid noko å gi:
Ei hand; eit smil; litt tid til å høyre. Eit vedfang eller eit kakefat til ein nabo som treng det.
Og samstundes må vi ha med oss medvitet om at det alltid er nokon som treng vår stemme. At nokon må seie frå om det som bryt ned. Seie frå om urettferd. Om fattigdom. Om maktmisbruk. Det kan godt vere at det er vi som må gjere det!
Orda Paulus skreiv i brevet til kyrkjelyden i Galatia inneheld det alt saman; det nære og det fjerne; det som angår oss til dagleg og det som kan synast langt borte.
Men det er ikkje slik at det berre er vi i vår del av verda som har noko å gje.
Våre søsken i det verdsvide fellesskapet deler også våre bører. Det er fantastisk å kjenne seg bore av bøn; av omsorg; av kjærleik. Det er slik det er meint å vere.
Ei delt bør er ei lettare bør. Vi skal bere, - og dele.
Vil du skrive e-post til Ragnhild Jepsen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Hildegunn og Ingelin Reigstad syngje bestemor Haldis Reigstad sin tekst - "Vener er til for kvarandre".