Teksten er henta frå Joh 8, 2-12.
Å skrive i sand er ein fin ting å gjere no om sommaren. Å lage spor etter seg som er verkelege nok; skrive hemmelege teikn som står ei stund før dei blir viska bort av hav og vind.
Eingong kunne orda lesast. Dei var sagt. Så er dei ikkje meir.
I evangeliet etter Johannes står det skrive:
Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot; dei stelte henne fram og sa: "Meister, denne kvinna har dei kome over medan ho gjorde ekteskapsbrot. Moses har sagt oss føre i lova at slike kvinner skal steinast. Kva seier no du?" Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren.
Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: "Den av dykk som er utan synd, kan kasta den fyrste steinen på henne." Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda. Då dei høyrde det, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste fyrst. Til sist var Jesus att åleine med kvinna som stod der. Då rette han seg opp og sa: "Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?" "Nei, Herre, ingen", svara ho. Då sa Jesus: "Så dømer ikkje eg deg heller. Gå bort og synda ikkje meir!"
Eg har alltid lurt på kva det var Jesus skreiv i sanda. Ord som stod ei tid. Så vart dei borte.
Kvinna har akkurat hatt ein dødsdom hengande over seg. Ho må vere skjelven. Kva er det Jesus vil henne?
Jesus møter kvinna ved å ta henne på alvor.
Ho visste sjølv korleis ho hadde levd.
Jesus visste det. Kanskje var det det han skreiv i sanda? Ord som stod ei tid.
Så vart dei borte. Kvinna kunne gå vidare.
Jesus tek oss på alvor. Det krev av oss at vi erkjenner, - opnar oss for den vi er.
Opnar oss for kvarandre; opnar for det som ikkje har vore sagt, det som har stengt.
Orda verkar så tydelege først. Kanskje farlege. Men litt etter litt vert dei viska bort.
Vi kan reise oss. Gå vidare med lyfta hovud.
Vil du skrive e-post til Ragnhild Jepsen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer "Det begynner å ligne et liv" med Ole Paus.