Teksten er henta frå Jer. 32, 36-40.
Den kjem til å bli ståande i norske teaterhistorie: Svein Tindbergs framføring av Markusevangeliet i Kjetil Bang-Hansens regi. Eg fekk oppleve det to gonger, og Jesus kom svært nær.
Dette gjorde særleg inntrykk på meg: Å sjå, å leve meg inn i, kor sliten Jesus kunne bli av å møte så mykje motstand, så mykje avvising, så mange NEI til det han elska å undervise om: Guds veg til menneska og mennesket sin veg til Gud. Men også dette: kor lite det skulle til før Jesus fekk ny kraft: eitt lite spørsmål frå eitt nysgjerrig menneske – og så var han i gang igjen. For så stor var kjærleiken til dei som sa NEI at han aldri ga opp å elske fram eit JA.
I dagens tekstord tek profeten Jeremia oss med inn i Guds hjarte, det hjarte som også banka i sonen Jesus. Atter ein gong får vi kontakt med den skakande kjerneerfaringa i Israels historie: nederlaget for babylonkongen Nebukadnesar og bortføringa av deler av folket til Babylonia. Visst var det Gud som hadde late dette skje, som hadde ført sitt folk til framandt land. Men Gud har eit hjarte og slik vi kjenner det sjølv: eit hjarte er noko som er i rørsle, som kan la seg røre og starte nye rørsler.
"Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud. Eg gjer ei evig pakt med dei; eg vil ikkje venda meg bort frå dei, men gjera vel mot dei. Eg legg age for meg i hjarta deira, så dei aldri meir vik bort frå meg. Eg vil gleda meg over dei og gjera vel imot dei." (Jer. 32,36ff.)
Eg tenkjer: Vi er laga slik at vi forstår det som går føre seg i Guds hjarte. Vårt hjarte er blitt skapt i hans hjarte. Vi kjenner igjen rørsla i Guds hjarte frå vårt eige kjærleiksliv. Visst kan vi svikte og visst sviktar vi som foreldre i høve til våre barn. Men vi kjenner igjen vårt hjarte i Guds hjarte. Vi veit at same kva våre barn gjer, så er dei våre barn som vi elskar.
Same kva dei kjem ut for, same korleis dei forvaltar sin fridom, går det gale, gjer barna våre destruktive val, så veks kjærleikens intensitet som ein kniv i hjartet. Så vi kjenner oss igjen i det som får Gud til å snu, som får hjartet hans til å vende seg i han – som det heiter hos profeten Hosea: "Hjarta vender seg i meg, all min medynk vaknar. Eg vil ikkje fylgja min brennande vreide. For eg er Gud og ikkje eit menneske, heilag mellom dykk, eg vil ikkje koma med harme".
Då er vi framme ved den store, velsigna skilnaden mellom oss og Gud. Vi kan svikte kjærleiken. Men Gud kan aldri vere noko anna enn seg sjølv. Han kan ikkje anna, han kan aldri slutte å prøve å vekkje vårt hjarte så det kan seie JA til han. For ein slik kjærleik kan eg ikkje anna enn å kapitulere.
* * * *
Vi høyrer Minikoret syngje Rolf Jacobsens dikt "Guds hjerte" med musikk av Kjetil Bjerkestrand.