Teksten er henta frå Matt. 12, 33-37.
Ein kollega i ein sommarjobb eg hadde i ungdomen hadde same opningsreplikken kvar dag: "– Du! Der er mykje fælt." Han levde av gode historier. Eller rettare sagt: Han var ein hund etter dårlege historier. Heiv seg alltid over skandaler i avisa, og hadde ein fantastisk nase for ufordelaktige ting om folk som mange visste kven var.
Og han spreidde det vidare. "Har du hørt om .. " - og så kom sladderet. Om politimannen som kjørte for fort, om læraren som blei tatt i nasking, om presten som hadde dame på si. Det var som om han måtte ha det litle grøsset, som han trong å seia "huffameg".
Eg tvilar på at det var sant, alt han serverte. Og eg tenkte i mitt unge sinn, at eg håpar ikkje eg nokon gong blir så opphengd i negative ting hjå andre. For om han visste å snakka stygt om andre, så var han ikkje noka solstråle sjølv, heller. Ikkje den som hadde oppmuntring å dela. Snarare ei surpotte.
Når eg likevel kan ta dette igjen så lenge etterpå, trur eg det er fordi kollegaen min hadde litt rett. I at der er mykje fælt. At det finst mange blant oss som ikkje held mål, til og med blant dei som burde vera forbilde for andre. Og dessutan: Eg har òg falle for freistinga til å nemna negative ting om andre – kan henda for å komma i eit betre lys sjølv.
Jesus er inne på dette. Det står i Matteus 12 (34-35): "Det hjarta er fullt av, det talar munnen. Eit godt menneske ber fram gode ting av det gode han gøymer på, eit vondt menneske ber fram vonde ting av det vonde han gøymer på.".
Kva blir diagnosen, om eg sjekkar loggen over ord eg har strødd omkring meg siste veka? Pluss-ord, eller ein bitter eim? Jesus seier at det som kjem ut, avheng av kva som er der inne.
"Det hjarta er fullt av, det talar munnen." Hjarta lever ikkje sitt eige liv, isolert frå alt og alle. Det spørst ganske mykje kva som kjem inn i hjarta. Noko hamnar der, ubedt. Men me har òg eit val. Kva me vil høyra. Kven me vil lytta til.
Vil du skrive e-post til Jon Ådnøy, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer Åge Samuelsen sin kjente salme "O Jesus, du som fyller alt i alle", og det er Kenneth Sivertsens som syng.