Hopp til innhold
Kronikk

Urettferdig kritikk av sjukepleiarane!

Det er rettvis harme når sjukepleiarar føler seg såra og krenka over den urimelege kritikken frå helsestatsråd Jonas Gahr Støre og andre.

Støre Ringerike sykehus

«Eg vert harm av å tenke på at sjukepleiarane dei siste vekene har hausta negativ omtale i media, med anna i intervju helsestatsråd Jonas Gahr Støre», skriv overlege Rune Heggedal i denne kronikken. Her er Støre avbilda i samband med eit besøk på Ringerike sykehus i Hønefoss tidligare i år.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Eg vert harm av å tenke på det. Det er urimeleg og urettferdig. Dei siste vekene har sjukepleiarane hausta negativ omtale i media, med anna i intervju med direktøren Anne-Kari Bratten frå Spekter og helsestatsråd Jonas Gahr Støre. LO-leiar Gerd Kristiansen støttar opp under kritikken (kan det vere takk for sist til Sykepleierforbundet?).

Sjukepleiarane vert rett nok rosa for å arbeide hardt og gjere ein viktig jobb for pasientane, men dei vert elles framstilt som kravstore, urimelege og sutrete. Kvifor? Jau, dei kjempar for retten til å ikkje måtte arbeide oftare enn kvar tredje helg.

LES OGSÅ: «Er sykepleiere arbeidssky eller ansvarlige?» av intensivsykepleier Kristin Halvorsen

LES OGSÅ: «Etter åtte år som sykepleier er min beslutning tatt. Jeg gir meg» av sykepleier Camilla D. Bjugn

Sterk pliktkjensle

Det er heilt rett at helsetenesta og sjukehusa treng sjukepleiarar til alle tider på døgnet, alle dagar. Kvardag og helg, høgtid og ferie. Og sjukepleiarane, dei er på plass, hos pasientane. Det er også rett at alle som har valt å bli helsepersonell må gjere rekning med å arbeide i turnus, slik at pasienten kan få hjelp til alle tider. Korkje sjukepleiarar eller andre helsearbeidarar manglar denne erkjenninga. Det saka gjeld er kva omfang plikta til helgearbeid skal ha, og retten for tillitsvalde til å godkjenne arbeidsturnusar.

Dei arbeider til skiftande arbeidstider døgnet rundt og (oftast) kvar tredje helg i tillegg til jul, påske, 17.mai og andre høgtider, då dei fleste andre arbeidstakarar har fri og kan vere hos familiane sine.

Rune Heggedal, overlege i Volda

Etter mange år som leiar på sjukehus vil eg slå fast at helsepersonell i turnusarbeid ikkje manglar samfunnsånd eller vilje til å stille opp for pasientane. Dei arbeider til skiftande arbeidstider døgnet rundt og (oftast) kvar tredje helg i tillegg til jul, påske, 17.mai og andre høgtider, då dei fleste andre arbeidstakarar har fri og kan vere hos familiane sine. Dei fleste helsearbeidarar har sterk pliktkjensle overfor pasientar og kollegaer, slik at også ledige vakter som følge av sjukdom og annan fråver vert dekte gjennom felles dugnadsinnsats. Det er difor rettvis harme når no dei fleste sjukepleiarar føler seg såra og krenka over den urimelege kritikken som leiande arbeidsgjevarar og styresmakter har uttalt.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Kjønnsrelaterte skilnader?

Det høyrer elles med at lønsføremonene for sjukepleiarar for arbeid på kveld, natt og i helg og høgtid er langt svakare enn for mange andre arbeidstakargrupper, ikkje minst samanlikna med dei som har liknande arbeidstidsordningar i andre sektorar. Kan dette vere kjønnsrelaterte skilnader?

Eg undrar meg over at arbeidsgjevar tenkjer seg at rekrutteringa til yrket kan styrkast ved tvangsmiddel og reguleringar.

Rune Heggedal, overlege i Volda

Sjukepleiarane utfører svært viktige oppgåver for helsetenesta og for samfunnet generelt. Behovet for nye sjukepleiarar vil auke sterkt i åra som kjem. Eg undrar meg over at arbeidsgjevar tenkjer seg at rekrutteringa til yrket kan styrkast ved tvangsmiddel og reguleringar, snarare enn ved samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane.

Sykepleierforbundet sitt krav om at arbeidsplikta skal avgrensast til å gjelde kvar tredje helg er eit godt utgangspunkt. Ytterlegare helgearbeid utover dette nivået bør kunne vekslast mot meir fri eller høgare løn for dei tilsette som ynskjer det og som er i ein situasjon der dette kan fungere også i høve livet elles. Altså etter lokal avtale mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Det er mange eksempel på slike lokale avtalar.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Legg vekt på samarbeid!

Helsetjenesteaksjonen har reist ein viktig verdidebatt om helsetenesta vår. Eg ser åtaka på sjukepleiarane sin yrkesetikk også i dette perspektivet. Det framstår som uttrykk for svak verdiforankring når framståande representantar for helsestyresmaktene våre på denne måten forsøkjer å så splid mellom dei ulike gruppene av helsearbeidarar.

Vi må slutte rekkene og stå saman. Helsepersonell ynskjer å stille opp for pasientane.

Rune Heggedal, overlege i Volda

Vi må slutte rekkene og stå saman. Helsepersonell ynskjer å stille opp for pasientane.

Styresmaktene bør legge vekt på samarbeid og verdibasert leiing framfor lovregulering og regelstyring.