Hopp til innhold
Kronikk

Svar skuldig

Ein skulle tru at psykologar og psykiatrar var dei beste til å ta ein offentleg samtale om spiseforstyrringar. Men i debatten om Finn Skårderud har mangelen på svar vore påfallande.

Finn Skårderud

Hilde Sandvik stilde spørsmål ved om Finn Skårderud (biletet) romantiserer spiseforstyrringar. Det utløyste ein stor debatt. Sandvik oppsummerer i denne kronikken tilbakemeldingane ho har fått.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Etter at eg i ein kommentar stilte spørsmål ved om psykiater Finn Skårderud romantiserer spiseforstyrringar, har det kome fram synspunkt og lesingar eg er nøydd til å kommentere.

Uroa eg gav til kjenne i teksten, har eg hatt lenge. Difor diskuterte eg, før eg skreiv, med psykiatrar og psykologar, med menneske som kvar dag møter unge som har utvikla spiseforstyrringar, og med tidlegare sjuke. Forma eg valde var ukonvensjonell, og den har også møtt kritikk, særleg frå mitt eige fagfelt.

Eg valde medvite ei anna form enn fagartikkelens, fordi det var rolla Skårderud eg er interessert i. Fordi han har den sterke posisjonen han har, som omtykt foredragshaldar, kulturanalytikar, næringsdrivar – og psykiater – er orda hans vektige. Det krev at ein må lytte ekstra godt etter kva han seier.

FØLG: Twitter

Skadeleg?

Mitt spørsmål er framleis om det er noko i måten han – med media på slep – omtaler spiseforstyrringar på, som ikkje er bra? Til og med: Kan det vere skadeleg? I forlenginga av dette: Kva er det Skårderud og Villa Sult gjer i behandlinga? Verkar det?

Det var opne spørsmål, ikkje retoriske. Dette er spørsmål som alle som har ansvar for liv og helse må forventa at blir stilt, særleg når fagfeltet sjølv er prega av intern usemje.

Om det er Skårderuds faglege eller sosiale status som stengjer for debatten, er vanskeleg å vite.

Hilde Sandvik, kultur- og debattredaktør i BT

Spørsmåla er førebels ikkje blitt svart på. Snarare er dei møtt med indignasjon og patos. Ein skulle tru at psykologar og psykiatrar var dei beste til å gjennomføre ein offentlege samtale som dette, sidan samtalen går rett inn i deira røyndom. Om det er Skårderuds faglege eller sosiale status som stengjer for debatten, er vanskeleg å vite. Også fordi Skårderud sjølv førebels vel å ikkje gå inn i debatten, men avviser spørsmåla som uvesentlege – og kallar det for eit karakterdrap.

LES: Skårderuds tilsvar i BT: – Helt feil

Gåta spiseforstyrringar

Eg håpar svaret på det første spørsmålet, om det er farleg, er nei. Men eg har ved fleire høve, etter å ha høyrt Skårderud snakke eller lest det han har skrive, tenkt at han plasserer spiseforstyrringar i ei estetiserande ramme. Det gjer meg uroleg. Utløysande for at eg valde å skrive om uroa, var då eg høyrde han i eit radiointervju i april seie at han i 30 år har gått til kunsten for å finne svar på gåta spiseforstyrringar.

Dei mange e-postane og telefonane frå fagfolk, pasientar og pårørande den siste veka, tyder på at det er rom for langt fleire syn på spiseforstyrringar.

Hilde Sandvik, kultur- og debattredaktør i BT

Det viktigaste spørsmålet er om dét er eit produktivt utgangspunkt for behandling av denne lidinga. Det var dette min første tekst handla om – og det var det eg vona diskusjonen skulle ta vidare.

Når ein snakkar om spiseforstyrringar som eit kulturelt problem, slik Skårderud gjer, tar ein bort noko av autonomien til den enkelte sjuke. Dersom det er kulturen som gjer oss sjuke, må vi då gjere noko med den før vi kan bli friske? Dét er i så fall eit særs tungt løft.

LES: Intervju med Hilde Sandvik i Morgenbladet

Manglande svar

Det hissigaste forsvaret for Skårderud har kome frå psykolog Karl Eldar Evang, som elles er mest kjent gjennom sitt arbeid for asylbarn. Han hevdar at eg tilrår pasientar å avbryte behandlinga. Ein kan nær mistenke han for å vranglese med vilje, og den rolla han tillegg meg er noko underleg. Eg vel ikkje å lese han på den måten, sidan han er psykolog, og nyttar difor høvet til å oppklare misforståinga.

LES: Karl Eldar Evangs kronikk: En svært alvorlig anklage

Eg skriv: «Vonleg går det også opp for pasientane som får rom på Villa Sult at det beste dei kan gjere er å flytte ut igjen. Å hjelpe folk til å skjøne dét, er verkeleg stor kunst.»

Det er vendt til behandlarane: Å hjelpe folk til å skjøne at det er eit liv på utsida, at det går an å leve utan spiseforstyrringar, ute av Villa Sult, er slik eg ser det, behandlarens fremste oppgåve. Mitt spørsmål, og igjen er det ikkje retorisk: Handlar manglande svar på spørsmåla om fagleg usemje – eller om noko meir?

Ikkje behandlar

I teksten underlegg Evang, men også psykolog Helga Mjeldheim meg den same behandlaretikken som psykiatrar har, og gir meg eit ansvar for at pasientar ikkje søkjer hjelp. Eg er ikkje behandlar, eg har heller ikkje diagnostisk kompetanse. Den kompetansen vonar eg fleire fagmiljø etter kvart kjem på bana med.

Kven vil ønskje eit snev av ein så trist sjukdom?

Hilde Sandvik, kultur- og debattredaktør i BT

Dei mange epostane og telefonane frå fagfolk, frå pasientar og pårørande den siste veka, tyder på at det er rom for langt fleire syn på spiseforstyrringar enn det som har vore det mest uttalte gjennom Skårderud og hans virke.

Forretningsidé

Bileta vi bruker for å omtale sjukdom, har makt i seg. Det skulle ein tenke Skårderud var ein av dei første til å anerkjenne. Han har hatt sitt virke som psykiater og kulturkritikar. Ved etableringa av Villa Sult har rollene hans gått saman på en ny måte. Kven det er som snakkar av kåsøren, foredragshaldaren, behandlaren eller forretningsmannen, blir meir utydeleg: «Huset skal syde av aktiviteter og helse. Det skal være et sted å være og et sted å lære, en møteplass for terapi, kunst og kultur», skriv han sjølv på nettsida.

Villa Sult er ein privat institusjon, på utsida av det offentlege, slik sett er det også ein forretningsidé. Då Morgenbladet vitja huset ved opninga, fekk Skårderud spørsmål om det er fare for å glamourisere spiseforstyrringar ved å lage eit hus som det, «fylt opp av kunst, kultur og til dels kjente mennesker».

Villa Sult er ein privat institusjon, på utsida av det offentlege, slik sett er det også ein forretningsidé.

Hilde Sandvik, kultur- og debattredaktør i BT

Eg meiner han i svaret stadfester noko av problemet: «Nei. Glamouriseringen finnes nok hos folk som er på utsiden eller i randsonen, som kan lese om spiseforstyrrede, være misunnelige og ønske at de hadde et snev.»

Kven vil ønskje eit snev av ein så trist sjukdom? Og skal ein ønskje det for å kunne komme inn på Villa Sult?

Større kunnskap og interesse

I fire år har Helsedirektoratet arbeidd med å lage ein rettleiar for spiseforstyrringar, som skal gi landets helsearbeidarar ein reiskap til å velje den best tenelege behandlingsmetoden i arbeidet med pasientane. Skårderud sit ikkje i arbeidsgruppa, og Villa Sult-modellen er , etter det eg kjenner til, førebels ikkje inkludert.

Ein av dei sentrale i arbeidet, psykologspesialist og professor i psykologi, Jan H. Rosenvinge, har tidlegare uttalt at han alltid har halde kunnskapsbasert behandling høgt. Vonleg vil rettleiaren føre til større kunnskap og interesse for å finne ut meir om kva som verkar. Det er diskusjon i fagmiljøa om kva behandling som har best effekt, og kva kunnskapsgrunnlag ein skal lene seg på. Eit første steg kan vere ein samtale om språket vi har vent oss til å bruke om desse lidingane, om språkbruken gagnar pasientane.