Hopp til innhold

Fire nye tilsette i Helse Bergen smitta – fleire pasientar i isolasjon

Laurdag fekk fire nye tilsette i Helse Bergen påvist smitte med koronaviruset. I alt er no sju tilsette smitta. Ni pasientar er i isolasjon.

Haukeland universitetssjukehus

NYE SMITTA: I alt sju tilsette i Helse Bergen har no fått påvist koronasmitte. Ni pasientar er i isolasjon.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

​Dette vart klart om kvelden laurdag 5. september.

– I løpet av dei tre siste døgna har vi fått sju tilsette som har testa positivt på koronaviruset og som er sende heim i isolasjon, seier fagdirektør i Helse Bergen, Marta Ebbing, til NRK.

Til saman har dei sju tilfella av smitte blant tilsette ført til at i alt ni pasientar og 42 tilsette er råka av isolasjon eller karantene.

Smittesporinga for det siste tilfellet er ikkje heilt ferdig.

– Ute i samfunnet

Dei tilsette med påvist smitte har hatt symptom, og har difor testa seg.

Ho trur smitten blant tilsette på Haukeland skuldast den auka førekomsten av smitte ute i samfunnet og blant folk i bergensområdet. Til dømes er 192 studentar smitta etter studiestart i byen.

– Så langt vi veit, så meiner vi at seks av desse sju har blitt smitta ute i samfunnet. Ein kan ha blitt smitta på sjukehuset ved å vere nærkontakt med ein smitta.

Ho seier at situasjonen ikkje er kritisk, men at sjukehuset følgjer den.

– Vi gjer tiltak slik at vi blir endå betre til å halde avstand, både mellom tilsette, og mellom tilsette og pasientar og eventuelle pårørande. Vi vil òg vurdere å stramme inn på besøk i sjukehuset.

 Pressebrief om koronasmitten ved Haukeland universitetssykehus.

FØLGER NØYE MED: Fagdirektør i Helse Bergen, Marta Ebbing.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Seks ulike avdelingar

Sjukehuset har også skjerpa smitteverntiltaka i akuttmottaket for å hindre smitte inn på sjukehuset. Dei tilsette jobbar på seks ulike avdelingar, ifølgje Bergensavisen.

– Dei smitta har jobba på ulike avdelingar på sjukehuset, så det er ingen avdeling som er spesielt kritisk råka av dette no.

– Kva skjer med pasientane som er i isolasjon?

– Vi held dei isolert med det som blir kalla dråpesmitteisolasjon. Det er nokon som er på veg til å bli utskrivne. Dei vil få ekstra forholdsreglar til det å vere isolert eller i karantene også når dei kjem ut av sjukehuset, seier Ebbing.