Hopp til innhold

Verdas rikaste...

At Bill Gates er verdas rikaste mann er viden kjent, men kven er den rikaste kvinna? Og kva med rikaste søskenflokk, ungdom og sjokolademilliardær? Sjå lista under for å finne ut.

Montasje Forbes

Dei er alle rikast i ein eller annan kategori - sett bort frå ein av dei som har falt ut av lista det siste året. Finn ut kven dei er, og kva som har gjort dei rike ved å lese lista under.

Microsoft-gründer Bill Gates gjer det godt. Også i 2015 toppar han Forbes si liste over verdas 1.826 dollarmillardærar, med ein formue på 79,2 milliardar kroner.

Med andre ord er det ingenting nytt på topp av lista, men nedover Forbes sine lister finst det også andre personar som er rikast i sin kategori. Her er nokre av dei.

SJEKK UT FORBES SINE LISTER PÅ EIGA HAND

US-28TH-ANNUAL-IMAGEN-AWARDS---INSIDE

Christy Walton er verdas rikaste kvinne, ifølgje Forbes.

Foto: Alberto E. Rodriguez / Afp
  • Rikaste kvinne

På ein 8. plass ligg Christy Walton, som er enka til tidlegare Wal-Mart-eigar John Walton. Ho har ifølgje Forbes vore verdas rikaste kvinne i åtte år allereie. Ho har ein formue på knappe 320 milliardar kroner. Også fleire andre i Walton-familien er høgt på listene over verdas rikaste, og svigerinna Alice Walton er til dømes den tredje rikaste kvinna i verda.

Petro Porosjenko

Han vert kalla for «sjokoladekongen», presidenten i Ukraina, men no er Petro Porosjenko ikkje dollarmilliardær lengre og ute av Forbes si liste.

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters
  • Sjokolademilliardærar

Forrest, John og Jaqueline Mars heiter borna til han som starta sjokolademerket Mars. Dei tre deler det store sjokoladekonsernet, og er alle den 22. rikaste personen i verda. Også den 32. rikaste, Maria Franca Fissolo har tent stort på sjokolade. Ho eig Nutella-konsernet i Italia.

Ein sjokoladekonge som derimot har falt ut av lista sidan i fjor er Ukrainas president Petro Porosjenko, som for tida har heilt andre ting enn sjokolade å tenkje på.

USA/ Spiegel and Murphy arrive at the Time 100 gala celebrating the magazine's naming of the 100 most influential people in the world for the past year, in New York

Dei har gode grunnar til å smile. 24 år gamle Evan Spiegel, til venstre, og 26 år gamle Bobby Murphy til høgre har blitt milliardærar på mobilapplikasjonen Snapchat.

Foto: LUCAS JACKSON / Reuters
  • Yngstemann

Den 24 år gamle Snapchat-gründeren Evan Spiegel er den yngste som har snike seg inn på lista over dei rikaste i verda. Spiegel ligg på 1250. plass saman med sin Snapchat-kompanjong, Bobby Murphy (26). Dei to unge mennene er gode for 11,5 milliardar kroner kvar.

Opening of the Rainbow Room David Rockefeller

Still going strong. I juni fyller David Rockefeller 100 år. Han er verdas eldste milliardær.

Foto: Diane Bondareff / Ap
  • Eldstemann

Den eldste milliardæren i verda er 99 år gamle David Rockefeller sr., som har tent seg passe rik på å vere eigar av den amerikanske banken Chase. Han har også tent store pengar på å investere i ulike oljeselskap. I juni vert verdas 603. rikaste mann 100 år.

Somalia East Africa Famine

Prins Alwaleed Bin Talal Alsaud er den 34. rikaste personen i verda, og den rikaste prinsen.

Foto: Farah Abdi Warsameh / Ap
  • Rikaste prins

Prins Alwaleed Bin Talal Alsaud frå Saudi-Arabia er den 34. rikaste personen i verda med ein formue på 173 milliardar kroner. Pengane kjem stort sett frå eigedomsinvesteringar.

  • Verdas rikaste søskenflokk

Dei to brørne Charles og David Koch deler på sjetteplassen over verdas rikaste, og har begge nesten 430 milliardar på bok. Dei er begge arvingar til Koch-konsernet som er store på mineral, kjemikalie og andre industrivarer.

Dei to amerikanske brørne er sterke tilhengarar av det republikanske partiet i USA, og David har mellom anna sagt at president og demokrat Barack Obama er «ein hardbarka sosialt, som er veldig god på å late som at han ikkje er det».

Ein annan rik søskenflokk er dei allereie nemnde Walton-søskena, som arva Wal-Mart-formuen frå sin far.

john Fredriksen

Kypriotiske John Fredriksen er fødd som nordmann, og er den 120. rikaste personen i verda.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix
Odd Reitan

Rema 1000-sjef Odd Reitan er Noregs rikaste mann, om ein ser bort frå John Fredriksen, som har levert inn sitt norske pass og flytta til Kypros.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix
  • Verdas rikaste nordmann

Verdas rikaste norsk-kypriot er utan tvil skipsreiar John Fredriksen, som ligg på ein 120. plass med 80 milliardar kroner. Men blant dei som framleis betaler skatt til heimlandet sitt er det Rema 1000-sjef, Odd Reitan, som ligg øvst på lista. Med ein formue på nesten 40 milliardar kroner kjem han på ein 291. plass.

CHINA-US-TRANSPORT-UBER-IT-BUSINESS-INTERNET-FILES

Travis Kalanick er ein av tre personar som har tent seg rike på Uber.

Foto: GREG BAKER / Afp
  • Rikaste i taxibransjen

Internettenesta Uber har fått mykje kritikk for å øydelegge for taxinæringa, ved å tilby pirattaxi gjennom ein app på mobilen. Og det ser ut til å vere gode grunnar til at mennene bak Uber ikkje gir seg med det første, for Travis Kalanick og Garrett Camp ligg begge på 283. plass med over 40 milliardar i formue.

Også den første tilsette i Uber, Ryan Graves, er å finne på milliardærlista. Graves fekk jobben etter å ha svart på ei Twitter-melding frå Kalanick som var på utkikk etter nokon som ville satse på Uber.

Laster Twitter-innhold
  • Landet med flest nykommarar

Kinesarane suser inn på lista over dei rikaste i verda. Heile 71 av dei nye på lista er frå Kina. Rikaste av dei alle er eigedomsbaron Wang Jianlin, som har ein formue på over 185 milliardar kroner.

  • Landet med flest på lista

Kanskje inga overrasking at det er USA som toppar listene over dei rikaste menneska i verda. 15 av dei 20 rikaste kjem frå USA. Men også stader som Guernsey, St. Kitts og Nevis, Island og Swaziland har representantar på lista.

SISTE NYTT

Siste nytt