Hopp til innhold

Sverige: DÖ er død

Det er fredag kveld fullt kaos i det politiske Sverige etter at Kristdemokretarna heilt uventa trekte seg frå samarbeidsavtalen (DÖ) med den sosialdemokratiske regjeringa. Sverigedemokraterna krev nyval.

Splittelse i Kristdemokraterna

VIDEO. Kaos i svensk politikk.

Avgjerda på landsmøtet til Kristdemokraterna i kveld var stikk i strid med innstillinga frå partileiinga. Med 151 mot 103 røyster vedtok landsmøtet å tekkje seg frå den såkalla Desember-avtalen, i Sverige berre kalla DÖ (Desemberöverenskommelsen).

Denne avtalen sikra støtte til den sosialdemokratiske regjeringa til Stefan Löfven, og no seier også partileiarane i Moderaterna og i Centerpartiet at DÖ er oppheva.

Sverigedemokraterna

Stefan Løfven

Støtta til statsminister Stefan Løfven er usikker etter at samarbeidsavtalen med dei borgarlege partia er broten.

Foto: NRK

DÖ skulle hindre at Sverigedemokraterna skulle kome på vippen i budsjettavrøystinga. Dei borgarlege partiet skulle støtte den raudgrøne regjeringa sitt budsjettforslag i Riksdagen, medan dei raudgrøne skal støtte dei borgarlege om dei blir størst etter neste val. Etter planen skulle avtalen gjelde fram til 2022.

Kommentator Fredrik Furtenbach i Sveriges Radio seier at dette gjer det usikkert om regjeringa vil greie å få gjennom budsjettforslaget sitt.

– Det er usikkert kva dette vil føre til, for dette er upløgd mark. Men eg kan ikkje sjå at det skal hindre regjeringa å få gjennom dei økonomiske forslaga sine. Tanken med DÖ var å hindre at Sverigedemokraterna skulle greie å stanse regjeringa sitt budsjettforslag, seier Furtenbach.

– Heilt uventa

Furtenbach meiner det var heilt uventa at Kristdemokraterna skulle trekkje seg frå avtalen no.

– Kristdemokraterna brukar vere eit ganske lydig parti. Motstanden mot DÖ har vore sterkare i Moderaterna, og leiinga i Moderaterna har lagt ned mykje arbeid på å stanse kritikarane i eige parti. No må leiarane i partiet tenkje på nytt, seier han.

Grunnen til at Kristdemokraterna no har sagt opp avtalen, er at fleirtalet vil at dei skal bli eit tydelegare opposisjonsparti. Målet er å utfordre biletet Sverigedemokraterna prøver å skape av seg sjølv som det einaste verkelege opposisjonspartiet, seier Lars Adatusson, ein av leiarane i Kristdemokraterna.

Solid raudgrønt fleirtal i Sverige

Sverigedemokraterna størst for første gang

SISTE NYTT

Siste nytt