Hopp til innhold

Solid raudgrønt fleirtal i Sverige

Den siste store SCB-meingsmålinga før valet i Sverige til hausten viser klart fleirtal for det raudgrøne regjeringsalternativet.

Stefan Löfven

Socialdemokratarnas Sefan Løfven har vind i segla på den siste SCB-målinga i Sverige.

Foto: Anders Wiklund / Scanpix

Socialdemokratarna er største partiet i målinga med 35,3 prosent, ein oppgang på ein prosent sidan førre målinga til Statistiske Centralbyrån (SCB) i november. Statsministerpartiet Moderatarna går tilbake 2,8 prosent til 22,7 prosent.

 Fredrik Reinfeldt

Statsminister Fredrik Reinfeldt (Moderaterna) opplever motgang på meiningsmålingane.

Foto: Yves Herman / Reuters

Den svenske valeksperten Mikael Gilliam seier at alt no ligg til rette for at Stefan Löfven frå Socialdemokratarna blir ny statsminister i Sverige. Gapet mellom dei to blokkene aukar, seier Gilliam til Sveriges Radio.

Borgarleg tilbakegang

Dei fire borgarlege regjeringspartia, Moderatarna, Kristdemokratarna, Folkpartiet og Centern får ei oppslutning på 36,8 prosent i Statistiska centralbyrån si store måling om veljarsympatiar.

Dei raudgrøne partia, Socialdemokratarna, Miljøpartiet og Vänsterpartiet, får til saman 51,3 prosent. Dermed har venstresida eit forsprang på dei noverande regjeringspartia på 14,5 prosent. Ved målinga i november var skilnaden mellom dei to blokkene 10,1 prosent.

Sveriges Radios politiske kommentator Tomas Ramberg meiner meiningsmålinga viser at det er stor skilnad mellom resultatet i EU-valet og denne målinga. Blant anna fekk Miljøpartiet over 15 prosent i EU-valet, medan SCB-målinga gir dei meir beskjedne åtte prosent.

LES OGSÅ: – Katastrofevalg for Reinfeldt

LES OGSÅ: Svenskene har svekket tillit til Reinfeldt

– Sterk venstrevind

– Veljarane skil tydelegvis mellom vala, sjølv om målinga vart gjennomført omtrent på same tid som valet til Europa-parlamentet. Det er likevel to ting som går igjen i begge, det er Moderaternas sin tilbakegang og den sterke venstrevinden, seier Ramberg.

Det er verd å merke seg at venstresida hadde eit fleirtal på Statistiska centralbyrån si siste måling før valet i 2010 på seks prosent. Då greidde dei borgarlege partiet å ta inn forspranget.

No er altså forspranget 14,5 prosent, og statsvitaren Mikael Gilliam meiner det ser ut som om løpet er køyrt for dei noverande regjeringspartia.

LES OGSÅ: Socialdemokraterna kraftig fram

LES OGSÅ: Strid om skole i svensk valgduell

LES OGSÅ: – Svenskene får milliarder i skatteøkning

Her er SCB si måling for mai:

Centern: 4,9 (+0.2)

Folkpartiet: 5,3 (-0,1)

Moderaterna: 22,7 (-2,8)

Kristdemokraterna: 3,9 (-0,2)

Socialdemokraterna: 35,3 (+0,1)

Vänsterpartiet: 8,0 (-0,8)

Mijøpartiet: 8,0 (-0,8)

Sverigedemokraterna: 8,1 (-1,2)

Andre/ Øvriga: 3,9 (+2,6) Størst av desse er Feministisk initiativ.

SISTE NYTT

Siste nytt