Sjølv om Nasjonalligaen for demokrati (NLD) vann valet i 1990, vart aldri Aung San Suu Kyi president. Militæret i landet sette ein brutal stoppar for demokratiet og tok makta.
Etter å ha døypt om landet frå Burma til Myanmar, og flytta hovudstaden frå Yangon til Naypyidaw, har dei militære først dei siste åra opna dørene for demokrati.
Obama innleia litt besøk i landet hjå president Thein Sein i Naypidaw, som har hengt generaluniforma i skapet og står fram no som sivil.
Observatørar meiner at reformprosessen i Myanmar har stansa, og håpet er at det planlagde valet skal bringe landet vidare i ei demokratisk retning.
– Demokratiprosessen i Myanmar er verkeleg. Vi innser at endring kan vere vanskeleg, om ein går ikkje alltid i ei rett line, men eg er optimist, sa Obama etter torsdagens møte med Thein Sein.
Fredag reiste han heim til Aung San Suu Kyi, som etter nærare 20 år i husarrest no har fått plass i nasjonalforsamlinga. Der har partiet til dei militære framleis grunnlovsfeta rett til minst 25 prosent av plassane, og representasjonen til dei opposisjonelle er nærast symbolsk.
Det er også usikkert om Suu Kyi får anledning til å stille som kandidat i valet til neste år, og før Obama kom på besøk, åtvara ho USA mot overdriven optimisme når det gjeld demokratiprossessen i Myanmar.