Hopp til innhold

Israel med nye luftåtak mot Gaza

Israel svarar med nye luftåtak mot Gazastripa etter at palestinske rakettar trefte israelsk jord fredag morgon.

Israelsk soldat nær grensa til Gaza

Ein israelsk soldat i teneste nær grensa til Gaza.

Foto: AMIR COHEN / Reuters

Våpenkvila mellom Israel og palestinarane gjekk ut klokka 7 fredag morgon norsk tid. I morgontimane sende palestinske Hamas nye rakettar inn i Israel.

Statsministeren i Israel Benjamin Netanyahu varslar no ein «kraftig reaksjon» på palestinske rakettåtak.

– Korttenkt av terroristane

Palestinarar flyktar etter israelsk bombing

Palestinske familiar flyktar fredag frå heimane sine i Gaza, etter at Israel varsla 'kraftige reaksjonar'.

Foto: MAHMUD HAMS / Afp
Sigurd Falkenberg Mikkelsen i Gaza by

Midtausten-korrespondent Sigurd Falkenberg Mikkelsen er i Gaza. Han fortel om frykt og uro blant palestinarane.

Foto: Sigurd Falkenberg Mikkelsen / NRK

Den varsla motaksjonen er allereie i gang.

«På grunn av avfyring av nye rakettar mot Israel, har det israelske forsvaret (IDF) angripe ulike terrormål på Gazastripa», heiter det i ei fersk kunngjering.

I Gaza fortel augevitne at dei høyrde kraftige eksplosjonar og såg store mengder røyk stiga opp etter at Israel svara med eld.

– Det er veldig spent her no i morgontimane. Folk er redde for kva som skal skje vidare. Dei gruar seg til ei eventuell oppattaking av fullskala kamphandlingar, fortel NRK-korrespondent Sigurd Falkenberg Mikkelsen på telefon frå Gaza.

Ifølgje den israelske hæren er minst 10 palestinske rakettar skotne ned over sørlege delar av Israel, blant anna i kystbyen Ashkelon, etter at våpenkvileavtalen gjekk ut. Ingen blei såra som følgje av åtaka, opplyser israelsk politi til nyheitsbyrået AFP.

– Det er uakseptabelt, uuthaldeleg og korttenkt av terroristane å utføra nye rakettåtak mot Israel. Å avslutta våpenkvila er ei dårleg avgjerd av Hamas som får følgjer. Me kjem til å angripa operative innan Hamas og infrastrukturen deira for å gjenoppretta tryggleiken i staten Israel, seier berstløyntant og talsmann for det israelske forsvaret Peter Lerner, ifølgje Reuters.

– Ikkje bakkeinvasjon

Ei talskvinne for IDF understrekar at det ikkje er israelske bakkesoldatar som er sett i aksjon.

– Det er ingen endringar når det gjeld bakkeoffensiven, opplyser talskvinna.

Israe har tidlegare sagt at dei ønskjer å forlenga våpenkvila, men blant dei palestinske fraksjonane er det semje om å gå tilbake til barrikadane. Hamas krev særleg gjennomslag for to krav for å gå med på ei eventuell forlenging av våpenkvila: ei heving av blokaden og lauslating av fangar.

– Alle dei palestinske fraksjonane er einige om ikkje å fornye våpenkvila, fordi Israel nektar å høyre på krava våre. Forhandlingane fortset i Kairo, sa Hamas-talsmann Fawzi Barhum.

Saka blir oppdatert.

SISTE NYTT

Siste nytt