Hopp til innhold

- Kvinner haldne som slavar i hus i London i 30 år

To er arresterte i London etter at ei kvinne har meldt dei for å ha halde henne og to andre mot deira vilje i eit hus i bydelen Lambeth sør i London i 30 år.

Politiinspektør Kevin Hyland i London-politiet.

Politiinspektør Kevin Hyland i London Metropolitan Police seier at dei ikkje har hatt ei like ille sak tidlegare.

Foto: BEN STANSALL / Afp

Dei to arresterte er eit ektepar, begge 67 år gamle. Dei tre som skal ha vorte haldne mot sin vilje i huset er ei 69 år gammal kvinne frå Malaysia, ei kvinne på 57 år frå Irland og ei 30 år gammal britisk kvinne, opplyser politiet til BBC. Det arresterte ekteparet skal ha utanlandsk bakgrunn, men det er uklart kva land dei kjem frå.

Dei tre kvinnene kom seg ut etter forhandlingar med eigarane av huset. Politiet sa på ein pressekonferanse i ettermiddag at den yngste av kvinnene truleg aldri har hatt kontakt med omverda.

Dei tre kvinnene er ikkje i slekt med kvarandre, og det er ikkje funne bevis for seksuelt misbruk, seier politiinspektør Kevin Hyland. Dei undersøkjer no om den yngste kvinna kan vere fødd i huset.

Dagsrevyens dekning av London-saka.

VIDEO: - Ektepar (67) heldt tre kvinnelege slavar

– Svært traumatiserte

Politiinspektøren ved London-politiet si avdeling for trafficking (menneskehandel) seier at dei aldri tidlegare har hatt ei sak som er like ille som denne. – Vi har hatt saker der menneske er haldne i opp til ti år, men aldri før så lenge som dette, sa Hyland på ein pressekonferanse i Scotland Yard i ettermiddag.

Aneeta Prem og David Cameron.

Grunnleggjaren av Freedom Charity, Aneeta Prem, fotografert i eit møte med statsminister David Cameron.

Foto: POOL / Reuters

Det var organisasjonen Freedom Charity som melde frå til politiet om saka i slutten av oktober. Då hadde dei fått ein telefon frå ei kvinne som sa at ho hadde vore halden i huset i Sør-London mot sin eigen vilje i 30 år. Politiet fann i samarbeid med organisasjonen ut kva hus det var snakk om.

Politiet seier at dei tre som vart berga ut av huset var «svært traumatiserte». Dei er no på ein trygg stad, blir det opplyst.

Kevin Hyland gir ros til organisasjonen Freedom Charity og deira bidrag til at dei tre kvinnene no er trygge.

To er arresterte i London etter at ei kvinne har meldt dei for å ha halde henne og to andre mot deira vilje i eit hus i bydelen Lambeth sør i London i 30 år.

VIDEO: Her vart dei haldne fanga i 30 år.

– Kontrollert fridom

Han seier at kvinnene truleg har hatt det ein kan kalle «ei form for kontrollert fridom», men at alle tre har vore haldne der mot sin vilje i 30 år.

Aneeta Prem, grunnleggjaren av Freedom Charity, seier at organisasjonen var sterkt delaktig i å få dei tre sette fri. Ho fortel at dei to som no er arresterte var ein slags «sjefar for familien». Ho seier at kvinnene som no er berga ut kjende seg sterkt trua, og at dei var skrekkslagne.

– I den travle hovudstaden vår kjenner vi ofte ikkje naboane våre. Her er menneske som har vore haldne mot sin vilje i ei heilt vanleg gate i eit heilt vanleg bustadområde i sentrum av London, seier ho til BBC.

Program om tvangsekteskap

– Vi har sett i verk ei omfattande etterforsking for å skaffe oss fakta knytte til desse svært alvorlege skuldingane, seier Kevin Hyland. Han fortel at det var eit fjernsynsprogram om arbeidet til Freedom Charity mot tvangsekteskap, som fekk ei av kvinnene til å ringje til organisasjonen for å be om hjelp.

Sist måndag publiserte organisasjonen Walk Free Foundation ein internasjonal statistikk over slavehald . Her blir det slått fast at nesten 30 millionar menneske lever som slavar i162 land, og at det er slavar også i Storbritannia. Ifølgje statistikken kan det vere over 4000 slavar i landet.

– Den 30 år gamle kvinnen som skal ha blitt holdt fanget i et hus i London, trolig aldri har hatt kontakt med omverdenen, sier politiinspektør Kevin Hyland fra Metropolitan-politiet.

VIDEO: London-politiets pressekonferanse

SISTE NYTT

Siste nytt