Ifølge lokalavisa Le Dauphiné Libéré skal eit snøskred ha blitt utløyst rundt klokka 16 onsdag ettermiddag i skianlegget Les Deux Alpes i Isère søraust i Frankrike.
Ei gruppe på ti personar som var på veg ned den svarte løypa Bellecombe skal ha blitt teke av skredet. Det skal vere snakk om fleire elevar frå skulen Lycée Antoine de Saint-Éxupéry i Lyon og ein eller fleire lærarar. Elevane var i området på ein skuletur.
Rundt kl.20 vart det stadfesta frå det avisa omtaler som sikre kjelder at alle elevane var gjort rede for.
Redningsmannskapet kom raskt til staden
Ifølge politiet skal tre vere omkomne, og fleire skal ha hatt pustestans. Ein av lærarane vart funnen medvitslaus, og situasjonen hans er framleis ikkje gjort rede for.
– Ei gruppe med studentar som ikkje vart trefte av skredet informerte oss raskt om det som hadde skjedd. Dei sa at ingen hadde ein skreddetektor med seg. Vi sende hjelp veldig raskt. Den første redningsgruppa kom med ein skredhund kl. 15.46. Deretter sende vi rundt 100 personar med søkeutstyr og ytterlegare fem skredhundar for å finne dei, fortel Didier Bobillier som er leiar for skianlegget til tv-kanalen France 2.
To av dei omkomne er elevar frå skulen, ein av dei ei 16 år gammal jente. Den tredje som er stadfesta omkomen var ikkje ein del av gruppa og er ein ukrainar, seier politiet på staden.
Vanskelege leiteforhold
Mellom 200 og 300 personar, helikopter og hundar var på staden og lette i fleire timar onsdag kveld i området. Ein frå leitemannskapen har sagt til Le Dauphine Libéré at leitearbeidet var vanskeleg, ikkje minst grunna djupna der skredet gjekk.
Skredfaren var målt til tre av fem, skriv France Bleu. Skredet målte 100 meter i lengda og 300 meter i breidda. Den svarte løypa Bellecombe der elevane vart tekne av skredet er nordvendt og svært isete. Det skal ha vore eit stort snøfall dei siste dagane. Løypa skal ha vore stengd.
Også i går var det eit snøskred i området, her frå ein film frå avisa Dauphiné Libéré:
Statsministeren uttrykker si medkjensle med dei som vart råka av snøskredet onsdag ettermiddag, det same gjorde president Francois Hollande.
Utdanningsminister Najat Vallaud-Belkacem vil vitje ungdomsskulen der elevane går torsdag, og kriseteam er også på plass for å hjelpe elevane.