Påtalemakta i Salzburg stadfestar overfor nyheitsbyrået AFP at to personar som hadde reist frå Midtausten, vart arresterte i helga, mistenkte for å høyre til ein terrororganisasjon.
– Indikasjonar på ei mogleg tilknyting til Paris-åtaka vert etterforska, seier Robert Holzleitner, talsmann for statsadvokaten i Salzburg.
Han legg til at begge to vart arresterte på eit flyktningmottak i byen vest i Austerrike.
Balkan
Dei to arresterte er franskmenn av algerisk og pakistansk opphav, skriv avisa Kronen Zeitungs nettutgåve. Dei to skal ha gitt seg ut for å vere flyktningar då dei kom til Europa i oktober saman med fleire medlemmar av gruppa som drap 130 menneske i Paris 13. november, ifølgje avisa.
- Les òg:
Verken det austerrikske innanriksdepartementet eller politiet i Salzburg vil kommentere opplysingane. Holzleitner vil ikkje gi opp nasjonaliteten til dei arresterte.
Franskmennene vart arresterte på eit transittmottak for asylsøkjarar i Salzburg for få dagar sidan. Dei sit ifølgje Krone no i avhøyr med mellom andre franske etterretningstenestemenn.
Falske pass
Kjeldene til avisa Krone seier at dei to mennene var utstyrte med falske syriske pass og reiste flyktningruta over Balkan til Austerrike.
Avisa skriv vidare at etterretningstenesta har heva beredskapsnivået til raudt, og at det no skal avklarast om dei mistenkte «hadde planar om attentat i ein europeisk storby rundt juletider».
Avisa erfarer at dei to franskmennene vart spora opp via tips frå ei utanlandsk etterretningsteneste