Hopp til innhold

Gravemaskinsførar med englevakt

Den 100 år gamle skorsteinen på området til Avondale Mills i Pell City i den amerikanske delstaten Alabama, var gjenstridig. Etter to sprengingsforsøk stod tårnet tilsynelatande like støtt.

Slik gikk det da pipen skulle rives i Alabama

VIDEO: Sjå det dramatiske rivingsforsøket.

Det var då dei ansvarlege for rivinga sende gravemaskinføraren Tim Phifer for å gjere eit forsøk på å hjelpe skorsteinen på veg. Han køyrde gravemaskinen inn til tårnet og gav det eit skikkeleg puff. Og det var det som skulle til, men det gjekk ikkje heilt som planlagt.

Tårnet ramla over gravemaskinen, og Tim Phifer vart nedgraven i ruinane. Men heldigvis vart han raskt funnen att, og det viste seg at han var så å seie uskadd.

– Eg har vore med på ein del ting som har gått gale opp gjennom åra, men dette er nok det verste, sa ein lakonisk Tim Phifer då han var trygt oppe i dagslyset igjen.

SISTE NYTT

Siste nytt