Hopp til innhold

Flystyrten i Etiopia er den andre på få månader med flytypen

Flyet som styrta i Etiopia søndag var av same type som det som styrta i Indonesia i oktober. Ethiopian Airlines fekk flyet i november. 157 personar er truleg døde etter flystyrten.

Letemannskap fra Røde kors i Etiopia

Leitemannskap frå Raude kors på staden der eit fly frå Ethiopian Airlines styrta søndag morgon. Alle dei 157 om bord er stadfesta døde.

Foto: MICHAEL TEWELDE / AFP

Boeing 737-flyet var på veg frå Addis Abeba til Nairobi då det nokre minutt etter avgang styrta søndag morgon. Det var statsministerens kontor i Etiopia som først melde om ulukka. Seinare stadfesta flyselskapet at eitt av deira fly hadde styrta, og at det ikkje var nokon overlevande etter styrten.

Laster Twitter-innhold

Det var 149 passasjerar og eit mannskap på 8 om bord i flyet. Dei kjem frå over 30 ulike land, blant anna Kenya, Canada, Kina og USA. Det er også stadfesta at ein av dei sakna er Karoline Aadland, som var på jobb for Raude Kors i Noreg.

I tillegg skal ei fransk-britisk kvinne i 30-åra som har budd i Tromsø i fleire periodar vere blant dei omkomne, skriv Nordlys. Kvinna var på veg til ein miljøkonferanse i Nairobi då ulukka skjedde.

Andre ulukke på seks månader

Ethiopian Airlines er det største flyselskapet i Afrika, og er rekna for å vere eit selskap som legg vekt på tryggleik. Selskapet har fleire flygingar dagleg mellom Addis Abeba og Nairobi. Dei flyg også dagleg frå Oslo til Addis Abeba.

Flyet som styrta utanfor Addis Abeba søndag kom frå Johannesburg tidleg søndag morgon. I løpet av dei tre timane på bakken i Addis Abeba blei det blant anna gjennomført ein sjekk på flyet, utan at det blei funne manglar, melder nyheitsbyrået AFP.

Ifølgje selskapet rapporterte piloten, Yared Getachew, om problem rett etter avgang. Flyet skal ha hatt ustabil fart under oppstiging. Kapteinen bad om å få returnere til flyplassen. Han skal ha fått klarsignal til dette.

Ingen overlevde da et fly fra Ethiopian Airlines styrtet kort tid etter avgang fra Addis Abeba. Det melder den statlige kringkasteren i Etiopia.

Ingen overlevde da et fly frå Ethiopian Airlines styrta kort tid etter avgang frå Addis Abeba. Det melder den statlege kringkastaren i Etiopia.

Det er andre gong på seks månader at eit heilt nytt Boeing-fly styrtar få minutt etter avgang, skriv CNN. I oktober styrta eit indonesisk fly frå Lion Air over Java-sjøen. Alle dei 189 om bord miste livet. Flyet var av same type som det som styrta i Etiopia.

Men tryggingsekspertar åtvarar mot å gjere for mange samanlikningar mellom dei to ulukkene.

Den siste større ulukka med eit fly frå Ethiopian Airlines var i januar 2010, då eit fly frå Beirut styrta like etter avgang. Den gongen var det 90 som omkom.

'

Boeing 737 MAX 8

Flyet som styrta i Etiopia søndag var eit Boeing 737 MAX 8, og er heilt nytt. Flyet blei sett i rute i midten av november. Eit fly av same type styrta i Indonesia i oktober i fjor. Då var grunnen til styrten truleg at naudsystemet starta opp ved ein feil, og aktiverte autopiloten som styrte flyet nedover. Flygarane hadde ikkje kunnskap om korleis dei kunne overta kontrollen manuelt.

Foto: Matt McKnight / Reuters

Rett før klimamøte

19 av passasjerane som omkom jobba for FN, ifølgje organisasjonens sikkerhetsdepartement.

Ulukka skjedde rett før eit stort internasjonalt klimamøte i Nairobi, der FNs miljøorganisasjon UNEP held til. Ifølgje FN skulle over 4.700 statsoverhovud, ministrar, næringslivsleiarar og andre delta på klimamøtet. Fire av dei omkomne hadde FN-pass.

UNEP-leiar Joyce Msuya sende sine kondolansar til dei etterlatne på Twitter søndag.

Laster Twitter-innhold

Også FNs generalsekretær, António Guterres, uttrykker si sorg på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Årsaka til at flyet i Etiopia styrta er førebels ikkje kjent. Men ulukka blir etterforska. Og sidan flyet blei bygd i USA, blir den amerikanske havarikommisjonen automatisk kopla inn i saka.

Boeing seier dei også er klare til å hjelpe til i etterforskinga av ulukka, ifølgje Reuters.

– Eit teknisk team frå Boeing er klare til å hjelpe til med teknisk assistanse, leia av havarikommisjonen, dersom det er ønskeleg.

SISTE NYTT

Siste nytt