Hopp til innhold

Ismail får Frivillighetsprisen

Miljøarbeidar Ismail Muhyadin frå Somalia får i kveld Trondheim kommune sin Frivillighetspris.

35 år gamle Ismail Muhyadin får prisen for innsatsen han gjer for ungdomar med minoritetsbakgrunn i Trondheim.

- Ismail har markert seg som ein rollemodell og trenar for eit fleirkulturelt fotballag vi har i Trondheim. Han er ein verdig vinnar frå det norsk-somaliske miljøet i byen, seier Monica Lidal, som er frivilligkoordinator i Trondheim, til NRK Trøndelag.

Markering på Torvet

Ismail Muhyadin får prisen på eit FNs Internasjonale markering av frivillighetsdagen på Torvet i Trondheim onsdag kveld.

Prisen er ein gåvesjekk på 25 000 kroner og Erlend Leirdals statuett "Skrog".

- Det blir fakkeltog opp Nordre gate og underhaldning frå ein scene vi har sett opp på Torvet. Her blir det både tryllekunst, arabisk dans og besøk av blånissane frå Stiklestad, seier Lidal.

Glad prisvinnar

Det er åttande gongen Trondheim kommune deler ut Frivillighetsprisen. Norsk-somaliaren er den første prisvinnaren med minoritetsbakgrunn.

Han var svært glad då han fekk vite at det er han som får den gjeve prisen.

- Yes! Dette er ein stor pris, ikkje berre for meg, men for alle innvandrarar i Trondheim, seier Muhyadin til Adresseavisen.

Han legg til at dette gir han motivasjon og ekstra krefter til å stå på endå meir.