Hopp til innhold

– Dette gjer vi veldig sjeldan!

Fredag morgon slår NRK Troms til med ei spesialsending. Vi markerer kvinnedagen 8. mars tre timar til ende!

Pia Tøhaug, Caroline Rugeldal og Jørn Resvoll i studio hos NRK Troms
Foto: Bernt Olsen / NRK

– Utgangspunktet var at vi ville undersøke og vise fram kva som er viktige spørsmål om likestilling i år. Er det lønn, skule og utdanning, eller noko heilt anna?, spør vaktsjef Caroline Rugeldal.

Saman med ein gjeng journalistar i NRK Troms har ho denne veka planlagt ei spesialsending om likestilling og kvinnekamp for å markere kvinnedagen.

– Det store i fjor var diskusjonen rundt reservasjonsrett for legar i abortspørsmål, men kva slags tema er aktuelle i år?

I den tre timer lange sendinga vil det mellom anna handle om netthets, om leiarskap, om å gå eigne vegar, og om feminisme på internett, fortel Rugeldal.

Vil ha fleire kvinnelege stemmer i media

I ein bloggpost i kommunikasjonsforeningens blogg frå 2013 slår forfattaren fast: 7 av 10 kjelder er menn. Dette ønska redaksjonen i NRK Troms å gjere noko med.

– I media er det ei utfordring at vi lagar sendingar med altfor mange menn som kjelder. Med denne sendinga vil vi vise at det ikkje er vanskeleg å finne gode kvinnelege kjelder, seier Rugeldal og legg til:

– I sendinga har vi med forskarar, toppleiarar, unge damer og jenter i mannsdominerte yrker. Det var ikkje vanskeleg i det heile tatt å finne gode kjelder til å fylle sendinga!

Si di meining!

Du som lyttar kan også vere med å påverke sendinga.

– Gjennom sosiale media som Facebook vil vi invitere lyttarane våre til diskusjon, seier produsent Pia Tøhaug.

Du kan klikke deg inn på Facebook-sida til NRK Troms og seie di meining om ulike spørsmål om kvinnedagen, likestilling og kvinnekamp. Lyttarane sine kommentarar vil også prege sendinga, fortel produsenten.

– Vi vil stille spørsmål til lyttarane våre – og håpar dei vil vere med og prege sendinga. Kva er viktig for likestilling i dag? Treng vi ein kvinnedag? Og kor eller korleis deltar du i debatten?

Det er programleiar Jørn Resvoll som skal lose lyttarane gjennom sendinga fredag morgon.

– Å ha eitt tema på ei heil sending på denne måten er noko vi svært sjeldan gjer, så dette er spennande, seier Resvoll.

  • SJÅ 8. MARS-TOGET GJENNOM TROMSØ – I 1995:
    8 mars toget i Tromsø 1995