Hopp til innhold

Ein person påkjørt i Tromsø sentrum

Uhell mellom fotgjengar og bilist i natt.

Politi
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Ein person blei frakta til legevakta etter ein påkøyrsel i Tromsø sentrum i natt.

Påkøyrselen skal ha skjedd i Skippergata, nord i sentrum.

Det bekreftar operasjonssentralen i Troms politidistrikt.

Ulykka skal ha skjedd like etter klokka to i natt.

Ifølgje Nordlys, som først omtalte saka, var den involverte bilen i fart, men det skal ikkje dreie seg om høg fart.

Den påkøyrde blei sendt til legevakta for sjekk, men ifølgje politiet skal det ikkje vere alvorleg personskade.