Den nye lova om motorferdsle i utmark er ikkje ferdig behandla i Stortinget etter at den utvida forsøksordninga blei stoppa. Vinje kommune har hatt ei prøveordning sidan 2003 som nå er trekt tilbake.
No fryktar kommunen at den nye lova ikkje blir behandla i Stortinget i haust. Og dersom den ikkje kjem før vinteren, er Vinje kommune redd det kan bli mykje ulovleg køyring med snøskuter til vinteren.
Det kjem fram i høyringssvaret til Klima- og Miljødepartementet frå påtroppande rådmann Jan Myrekrok.
– Vi hadde ein situasjon før prøveordninga med nokså lovlause tilstandar, seier Myrekrok.
Han meiner også at lova om motorferdsle i utmark i utgangspunktet har låg legitimitet i kommunen, og viser til at det var eit kjærkome tiltak å få kunne legge snøskuterløyper der det var lovleg med fritidskøyring på snøskuter.
Har snøskuterløyper
Vinje kommune meiner det bør leggjast vekt på at grunneigarane framleis skal kunne nekte skuterløyper på eigen eigedom og at innbyggjarar i kommunen skal ha førsterett på køyring.
Men kommunen er meir engsteleg for at vinteren kjem før lovforslaget er behandla ferdig i Stortinget.
Då står kommunen med 170 kilometer snøskuterløyper og 800 skutereigarar utan rett til å køyre, fordi dagens prøveordning med snøskuterkøyring er trekt tilbake.
Jan Myrekrok fortel at Vinje har tatt sine forholdsreglar.
– Vi trur det kan bli ein del ulovleg snøskuterkøyring. Men no har vi inne ein søknad om dispensasjon om å forlenge det gamle forsøket eitt år til, seier Myrekrok.
No håpar han at Klima- og Miljøverndepartementet vil svare ja på søknaden.