Hopp til innhold

Privatskolar skaper økonomiske utfordringar

Millionbeløp frå staten følgjer elevar som går frå offentlege til private skolar. Det kan bli eit problem for mange kommunar.

Elvane på Kragerøskjærgårdens Montessoriskole på Skåtøy

Elevane ved Kragerøskjærgården montessoriskole tar med seg skolepengar frå staten til Skåtøy.

Foto: Arvid Hanssen

Rådmannen i Kragerø seier det er vanskeleg å kutte utgifter i den offentlege skolen i same takt som statleg tilskot følger elevar over i private skoler.

– Stadig fleire private skoler kan bli ei økonomisk utfordring for norske kommunar, meiner rådmann i Kragerø, Ole Magnus Stensrud.

Kragerøskjærgården montessoriskole blei starta i fjor, berre månader etter at den offentlege skolen på øya blei lagt ned.

Må redusere kostnader

Ole Magnus Stensrud, Kragerø

Rådmannen i Kragerø meiner private skolar er eit økonomisk utfordring.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Og når elevtalet ved montessoriskolen aukar, betyr det at millionbeløp frå statens følgjer elevane frå offentleg til privat skole.

– Viss vi ikkje klarar å redusere kostnadene i den offentlege skulen, så kjem vi dårleg ut økonomisk, seier Stensrud.

Rådmannen meiner det ikkje er mogleg å spare inn så mykje pengar ved den offentlege skolen, sjølv om det blir færre elevar.

– Nå til hausten ser det ut til at vi ikkje klarar å spare like mykje pengar som vi blir trekt i statleg tilskot, seier Stensrud.

Førebels ser det ut til at Kragerø kan spare ei klasse eller ei gruppe i grunnskulen.

– Det betyr at våre kostnader berre blir redusert med 400-500.000 kroner. Mens vi taper førti gonger 80.000 kroner, seier Stensrud.

Stensrud ville selje skolebygningane på Skåtøy da den offentlege skolen blei lagt ned.

Men politikarane sa nei.

Privatskolar er positivt

Ordførar Kåre Preben Hegland og det politiske fleirtalet mente det berre er positivt med ein privat skole som bidrar til folk i skjergarden.

Kåre Preben Hegland, ordførar Kragerø

Ordføraren i Kragerø meiner privatskolen betyr mykje for busetting i skjergarden.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Og han er ikkje einig i rådmannens reknestykke.

Han meiner det rette er at den offentlege skolen ikkje får betalt for elevar den ikkje har. At dei pengane går til Skåtøy montessoriskole, som igjen fører til at fleire vil flytte til Skåtøy meiner han er positivt.

– Det betyr også noko for lokalsamfunnet. Og det betyr meir skatteinntekter for kommunen, seier Hegland.

Han trur reknestykket, totalt sett, vil gå i pluss.

Rådmannen er usikker på kor kommunen kan kutte dersom det blir mindre pengar frå staten.

– Vi må jo sjå på undervisninga, og om vi kan redusere noko der. Men det er veldig avgrensa kva som er mogleg, så eg trur vi må hente pengar frå andre sektorar, seier Stensrud.

Kommunen må ha plass til alle

Utdanningsdirektoratet har mottatt 45 søknader frå aktørar som ønsker å starte privatskolar frå hausten 2015. 34 av desse skolane er grunnskolar.

Stensrud trur fleire kommunar vil møte utfordringane som Kragerø står framfor.

– Det ser eg ikkje bort ifrå, seier Stensrud.

Då Kragerø lage ei utgreiing for nedlegging av skolar fekk kommunen høyre at det er vanskeleg å planlegge for kor mange skoleplassar det skal vere.

– Og kommunen må jo ha plass til alle, seier Stensrud.

Rådmannen fortel at mange kommunar ikkje klarar å redusere i den offentlege skolen, like fort som det blir starta private skolar.