Hopp til innhold

Kan seie nei til private skolar

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil seie nei til private skolar om det får negative konsekvensar for det lokale skoletilbodet.

Torbjørn Røe Isaksen

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seier at Solberg-regjeringa vil innføre ei streng lov for å opprette private skolar.

Foto: Eirik Haugen / NRK

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier Solberg-regjeringa vil vere strengare når det gjeld å godkjenne nye privatskolar enn Bondevik II-regjeringa.

Høgre og Frp vil innføre ei ny privatskolelov der det ikkje lenger blir stilt krav til at skolane skal utgjere eit religiøst eller pedagogisk alternativ.

– Men det blir ikkje noko frislipp. Vi legg opp til ein strengare praksis for godkjenning av nye friskolar enn det som var tilfellet under Bondevik II-regjeringa, seier Røe Isaksen til Aftenposten.

Han vil legge inn ei formulering om at private skoler skal få nei til å starte opp dersom etableringa vil ha negative konsekvensar for det lokale skoletilbodet.

Og det skal framleis vere ulovleg å ta utbytte frå private skoler.

Vil styrke lærarane

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner det aller viktigaste er å styrke lærarane i den offentlege skolen.

Han meiner det er ingen grunn til at ikkje Norge skal kunne ligge heilt i toppen av internasjonale skolerangeringar, og peikar på Finland som ligg i toppen av dei internasjonale rangeringane.

– Det er ingenting som tilseier at vi skal ha dårlegare føresetnader enn finnane. Vi må ha ambisjonar om å ha verdas beste skole og vere heilt i verdstoppen. Om vi klarer det i løpet av fire år, veit eg ikkje, seier han.