Hopp til innhold

Høg faktor sikrar påskelukka

Sunt vett, hyppige værmeldingar og solkrem med høg faktor sikrar påskelukka. Og når ulukka er ute, vil du truleg få hjelp anten du er på sjøen, fjellet eller heime i solveggen.

Skiløyparar på fjellet

Tal som NHO Reiseliv har henta inn syner likevel at rekordmange søkjer seg til fjells i år.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Om få dagar pakkar mange bilen og styrer mot fjellet eller kysten. Andre vel å bruke påskeferien i eigen hage eller i nærområdet. I tillegg til gode klede og godt humør, er det viktig å sørgje for å vera oppdaterte på værmeldingane.

Kystvakttenesta seier at dei som oftast kjem i naud, er dei som har litt overdriven tru på eigne ferdigheiter til sjøs, og som derfor ikkje treng å høyre så nøye på værmeldinga.

Har oppsyn med båttrafikken

Men skulle du koma i havsnaud, patruljerer kystvaktskipet Nornen strekninga Kristiansand – indre Oslofjord. I tillegg har politiet og andre oppsyn med båttrafikken.

Frå kyststroka blir det meldt om at det er ein god del folk på hyttene langs kysten no på grunn av det gode vêret og isfrie fjordar.

Tek du ein tur til Jomfruland eller andre kystperler for å høyre på fuglesangen, og leite etter kvitveis, er du relativt trygg. Men det er eit fleirtal som held seg heime i påska.

Kystvaktskipet Nornen

Kystvaktskipet Nornen strekninga Kristiansand – indre Oslofjord. I tillegg har politiet og andre oppsyn med båttrafikken.

Foto: Lars Magne Hovtun / Scanpix

Rekordmange vil til fjells

Tal som NHO Reiseliv har henta inn, syner likevel at rekordmange søkjer seg til fjells i år.

Bjørn Runar Foss Sodeland, Telemark Røde Kors

Bjørn Runar Foss Sodeland, Telemark Røde Kors.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Vaktleiar Ronny Frantzen i Norsk Folkehjelp seier dei er klare til å rykkje ut.

– Vi kjem til å vere i Tokke kommune, og har også ei skredgruppe på Rauland som er i beredskap. Og vi har lokallag i Gransherad og Kragerø med utvida beredskap.

Les også:

Klare til å rykke ut

Også Raude Krossen er klar til påske fortel kommunikasjonsrådgivar i Telemark Røde Kors, Bjørn Runar Foss Sodeland.

– Vi er på Lifjell, Skinnarbu, Haukelifjell og Hallbjønnsekken. I tillegg har vi 400 personar som sit på heimevakt og er klare til å rykke ut dersom noko alvorleg skulle skje.

I alvorlege eller vanskelege redningsoppdrag kan Norsk Luftambulanse vera nokså kjapt på plass. Dei har sin påskebase på Hovden øvst i Setesdal, og kan nå eit området med 80 000 menneskje innanfor ei flytid på 20 minuttar.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark