Stabæk har tapt sine fire siste kampar, og får i morgon besøk av Brann som er på desperat jakt etter poeng.
– Vi skal gå rett i strupen på dei. Dei er litt som oss, og har vore i ei veldig dårleg formkurve. Vi skal ikkje gje dei unaudsynt sjølvtillit, men prøve å utnytte den dårlege formkurva deira, seier Huseklepp.
LES OGSÅ: Azar Karadas har signert for Brann
Vil prøve å knekke Stabæk
Brann ligg som nummer 15 på tabellen, medan Stabæk har ein litt tryggare avstand frå den raude streken og er plassert som nummer 12. Det er sju poeng som skil dei to laga, men Brann-laget er klare for å korte inn forspranget med tre poeng i morgon.
– Om ein klarer å ta lag som sliter med ein gong, så hender det av og til at dei knekker heilt saman. Eg seier ikkje at Stabæk gjer det i morgon, men det får vi prøve på, seier Huseklepp.
Sist gong dei to laga møttest var det Stabæk som fekk med seg poenga.
– Det er viktig å gå inn i denne kampen med ei valdsam haldning og vilje til å vinne. Det er forsåvidt alltid lurt, seier Huseklepp.
Har henta flest poeng på bortebane
Brann har hatt problem på heimebane, og plukkar dei fleste av poenga sine på bortebane. Sist bortekamp vann dei mot Viking, før dei gjekk på eit tap mot Strømsgodset heime sist helg. Heile åtte av dei elleve poenga til raudtrøyene er tatt på bortebane.
– Dette er ein veldig viktig kamp for oss, og det vil alle kampane framover bli. No er det slik at det blir viktig å tenke ein kamp om gangen fordi alle kan vere så avgjerande, seier Huseklepp.
– Hadde smakt godt med siger
Kampen mot Stabæk er også ein nøkkelkamp fordi dei to laga som begge ligg på nedre halvdel av tabellen.
– Når ein møter dei laga som ligg rundt oss, så viser poenga litt betre på tabellen. Om vi tapar i morgon, så stikk Stabæk litt i frå oss. Det er ein viktig kamp å vinne. Men alle kampar gir tre poeng, seier Huseklepp.
Huseklepp fortel at han føler laget er skjerpa, og at han no er optimistisk med tanke på resten av sesongen.
– Vi vil ikkje rykke ned. Ein siger i morgon hadde smakt veldig, veldig godt, avsluttar Huseklepp.