– Me hadde ei målsetjing før me drog hit, ei målsetjing som gjaldt både OL og paralympics. Me har ikkje klart målsetjnga på OL-delen. Viss de lurar på kven som har ansvaret for det, så er det meg, seier Tore Øvrebø.
Null gull, null sølv, og fire bronsar er status etter sommar-OL i Rio 2016. Det er under målsetjinga før leikane, som var å gjere det betre enn i London for fire år sidan.
– Berre å beklage
Den siste norske utøvaren i leikane var Sondre Nordstad Moen, som kom i mål til ein 19. plass i OL-maratonet rett før Tore Øvrebø hadde innkalt media til OL-oppsummering.
På veg bort til arenaen for medietreffet stoppa Øvrebø for å gratulere Moen med løpet, før han stilte seg opp å la seg langflat.
– Me må berre beklage at me ikkje klarte målsetijnga, som var krevjande. Me er ingen stor sommarnasjon. Me hadde nok antall medaljer, men ikkje riktig valør.
Han minner om at Paralympics gjenstår, og at dei kan klare å gjere det betre enn Londonleikane der.
– Thorkildsen lyg
Fleire har dei siste dagane kritisert måten Olympiatoppen har satsa mot OL i Rio på. Sportskommentator i Adressa, Kjetil Kroksæter seier til NRK at Norge er i ei djup sportsleg krise.
– Eg synst det er krise for toppidretten, den krisen er ein nødt til å innsjå. Dette har vore ein negativ spiral gjennom lang tid.
Også TV 2s ekspertkommentator under OL i Rio, Andreas Thorkildsen gjekk hardt ut.
– Det er blitt ein organisasjon som er overadministrert, der pengane går til administrasjonen, og ikkje til idretten. Det er ein tendens som har vokse fram dei siste åtte åra, seier Thorkildsen til TV 2.
Det får Øvrebø til å gå hardt i strupen på den tidlegare spydkastaren.
– Han lyg. Han tek feil rett og slett. Det er veldig lett å komme i kontakt med Olympiatoppen. Han har feil i alle dei punkta han nevner.