Jacobsen går no gjennom omfattande testar på sjukehus i Canada for å finne ut om skaden er varig.
I kveld kom lagkameratane heim til Norge etter firenasjonars-turneringa, men det var tungt å forlate ein mann.
– Det kjennest vanskeleg, seier lagkamerat Stig Tore Svee til NRK.
- LES OGSÅ:
Kan ikkje røre armane
Jacobsen, som er lam frå livet og ned, blei takla forfrå og i brystet under ein kamp mot USA torsdag denne veka. Taklinga skjedde heilt i avslutninga av kampen.
– Det som er fakta er at han ikkje kan røre armane sine lenger. Kva det skuldast er det ingen som veit, seier landslagets manager, Kent Nyholt.
Det er altså uvisst om skaden er midlertidig eller varig.
– Thomas er sjølvsagt positiv. Det er tydeleg at han ønskar at det skal bli bra igjen, seier Nyholt.
Les meir under biletet!
– Alle er prega
I 2008 blei Jacobsen lam i beina etter å ha blitt takla stygt i innebandy. No kan 24-åringen ha blitt påført ei ny alvorleg skade.
– Dette har påverka oss, og alt sammen. Det er tøft, det må eg innrømme. Alle er prega av det, seier Svee til NRK.
Viktig landslagsspelar
Til vanleg speler Jacobsen for Oslo Kjelkehockeyklubb, og har som kaptein for laget vore ei viktig brikke til kjelkehockeylandslagets suksess.
Jacobsen har fortalt at han hugsar heile hendinga på hockeybanen.
– Han er for så vidt ved godt mot. Men han er innforstått med at situasjonen er alvorlig, sa Nyholt til NRK sundag.
Jacobsen var med på det norske bronselaget under Paralympics i Vancouver i fjor.
Han debuterte på landslaget hausten 2009, og har seinare vist seg å bli ein viktig matchvinnar under internasjonale turneringar.