Erik Hamréns Sverige har spesialøvd på eit straffesparkscenario før siste EM-playoffkamp mot Danmark i kveld.
Og det med god grunn. Ser ein på keeper Andreas Isakssons straffestatistikk bør svenskane frykte ein potensiell straffesparkkonkurranse.
Ifølgje Infostrada reddar Isaksson eitt av 22 straffespark på landslaget. Det er langt under snittet i dei største europeiske ligaene, som ligg på rundt ei redning per femte straffe.
– Det er ikkje bra. Han er dårleg på straffar, seier Sveriges store keeperhelt Thomas Ravelli, som var sentral i nettopp straffekonkurranse då Sveriges bronselag slo Romania i VM-kvartfinalen i 1994.
– Eg kan ikkje hugse å ha sett han redde éin straffe. Han er elendig på det, seier svensk landslagsfotballs mest profilerte reporter, TV4s Patrick Ekwall.
Frykt og press
34-åringen har ikkje redda ei straffe for Sverige sidan 2004.
Skulle det stå 2-1 til Danmark etter ekstraomgangar i kveld vil kampen om EM-plass bli avgjort i ein straffekonk.
Ravelli meiner likevel at Isaksson ikkje har grunn til å føle ekstra press.
– Nei. Den einaste gangen ein keeper ikkje bør vere nervøs er i straffesituasjon, seier Ravelli til NRK.
– Det er ingen som forventer at ein keeper skal ta desse straffene. Det var i alle fall sånn i mi tid.
– Reddar du ein straffe er du helt, men klarer du det ikkje er det fortsatt heilt OK. Det går greit. Det er den einaste gangen du ikkje behøver å føle press, seier Ravelli, som ikkje har nokon god forklaring på kvifor Isaksson er så dårleg på straffe.
– Ein gang må det snu
Trass i at Isaksson «aldri» reddar eit straffespark trur reporter Ekwall at keeperen, som til dagleg speler i tyrkiske Kasımpaşa, blir viktig
– Han er enorm på å stoppe avslutningar i spel. Då får vi tåle at han slepp inn mål på straffe, seier Ekwall.
– Sverige er også avhengig av at utespelarane er sterke mentalt i straffesituasjon, seier Ravelli.
Og nettopp derfor har svenskane studert danmarks sisteskanse.
– Vi har sett på korleis Kasper Schmeichel står i det danske målet, og eg er sikker på at danskane har gjort det samme med oss, seier landslagssjef Erik Hamrén ifølgje dansk TV2.
– Eg trur Isaksson kan bryte denne trenden, legg Hamrén til.
– Ein gang må det jo snu. Vi får håpe det blir i kveld, seier Ravelli.