Natt til onsdag gjekk politiet i Asker og Bærum ut med denne Twitter-meldinga:
«Flere klager på høye smell (fyrverkeri?) på Rolfstangen, Fornebu. Vi drar til stedet for å undersøke».
– Vi fann ingenting der ute. Det var ein person som meldte ifrå om smell to gangar. Først rundt klokka tre, så klokka fire. Også han trudde det var fyrverkeri. Dette kan vere frå kven som helst, og vi har ikkje nokon link til fotballkampen som blei spelt i går, seier Marius Wam, som er operasjonsleiar ved Asker og Bærum politidistrikt.
Høiland: «Takk til Stabæk-fansen»
Etter kampen skreiv Molde-spelar Tommy Høiland dette på Twitter:
«Takk til Stabæk-fansen som var så glade for å ha oss på besøk at dei feira med rakettar i natt :)».
NRK har ikkje fått tak i Høiland i dag. Moldes mediesjef Per Lianes bekreftar at laget overnatta på Fornebu før kamp, men fortel at han sjølv ikkje hadde problem med søvnen.
– Eg har ikkje høyrt noko om dette, seier Lianes.
Ultras 1912 bak fyrverkeriet
Etter det NRK erfarer stod Stabæk-fans bak rakettoppskytinga. Desse personane er tilknytta fangrupperinga Ultras 1912. NRK blir fortalt at målet var å vekke Molde-spelarane før den viktige cupsemifinalen på Nadderud.
Men rakettane sette ikkje Tor Ole Skulleruds menn ut av spel. Med 1-0-triumf over Stabæk tok Molde seg til cupfinalen for andre året på rad.
Etter kampen feira trenar Skullerud som eit fyrverkeri frå Fornebu framfor Molde-fansen.
VIDEO: Sjå Mohamed Elyounoussis matchvinnarscoring