– Vi er sjølvsagt glad for å ha finalen på NRK, seier redaksjonssjef for event i NRK, Janne Fredriksen.
Klikk her og skriv ut stor versjon av sendeskjemaet!
Det er andre gong NRK og TV 2 sender frå eit fotballsluttspel saman. Sist var VM i Brasil i 2014.
– Tilbakemeldingane den gong var veldig positive frå alle hald. No ser vi fram til å attskapa suksessen saman med NRK og servera det ypparste frå internasjonal fotball til det norske folk, seier sportssjef i TV 2, Vegard Jansen Hagen.
Avspark for årets fotball-EM går om 50 dagar, fredag 10. juni.
Ny NRK-ekspert
For NRK skal Carina Olset leda sendingane frå Kontraskjæret saman med fotballekspert Lise Klaveness og andre gjestar. Kommentator-para i Frankrike vert Christian Nilssen/Tom Nordlie og Andreas Stabrun Smith/Bengt Eriksen.
Det er første gong Bengt Eriksen er med som fotballekspert på NRK.
For TV 2 skal Julie Strømsvåg og Erik Thorstvedt leia sendinga, medan Øyvind Alsaker og Kasper Wikestad kommentera kampane i Frankrike. Dei får med seg Petter Myhre, Egil «Drillo» Olsen og Brede Hangeland som ekspertar.
Alt direkte på radio
Kanalane har fordelt kampane med 28 til TV 2, medan NRK skal sende 23 kampar på TV.
I tillegg vert alle kampane sendt direkte på NRK sine radiokanalar, fordelt på NRK P1 og NRK Sport på DAB.
Samarbeidet mellom NRK og TV 2 om eit sluttspel i fotball skjer for andre gong i år, men også kampane under VM i 2018 og 2022 vert delt mellom kanalane.