– Eg hadde nok trudd på førehand at Alex skulle hatt iallfall ein etappesiger no, med tanke på at han er ei av stjernene i sykkelsporten, seier Gabriel Rasch etter første veka i Tour de France.
Rasch er sportsdirektør i Sky og skal vere ekspertkommentator på NRK Radios direktesending frå Touren tysdag og onsdag.
– Det har gått stong ut. Vi har rota det til, og så kom Luca-saka (der Luca Paolini vart avslørt for doping, red.anm). Så det har ikkje vore optimalt, nei, seier Kristoff.
Det var på dei første dagane av Touren at Alex og Edvald skulle kjempe om etappesigrar og grøn trøye – kanskje til og med få låne den gule.
Men det har dei ikkje vore i nærleiken av.
Ni etappar er ferdige. Ein fjerdeplass og tre femteplassar er det beste dei to nordmennene har oppnådd. Manglande opptrekk, for tidlege og for seine spurtstartar, kjedeproblem, masseveltar, sidevind – det er mange forklaringar om stong ut og små marginar.
Lang uhell-liste
Lista over uhell og feilvurderingar på dei første etappane er lang:
- – Dette gjekk rett i dass!
- Skrinlegger draumen om den gule trøya
- Boasson Hagen gjekk i asfalten i kjempevelt
- Misset spurten utan hjelperyttere
- Kristoff om Edvald-manøver: – Ikkje smart av ham
- Forbannet Kristoff slaktar eige lag
- Edvald mista kjedet
– Alex vil så veldig gjerne, og det verker som om han derfor gjer ting litt annleis enn då han vann mange ritt tidlegare i år, seier Gabriel Rasch.
Overraska over endra opplegg
– Er du overraska over at Kristoff prøver på andre opplegg no enn då han vann mange ritt og var på topp i vår?
– Ja, litt. Han må nok prøve å gjere det same som han har gjort heile tida. Men samstundes er det klart at han også har vore uheldig.
– Det er eg ikkje samd i. Eg har prøvd å gjere det same, men var for tidleg på den eine fordi eg ikkje hadde folk rundt meg, og for sein på den andre fordi eg var innesperra, svarer Kristoff.
– Seks eller åtte etappesigrar
Alexander Kristoff – med alle sigrane sine frå forsesongen – kunne vinne sju-åtte etappar i årets Tour, sa optimistane. Kanskje seks, meinte han sjølv. Det omfattar 13. og 15. etappe, i tillegg til den siste.
– Eg har sjansar på alle tre, men den største er på den siste, seier Kristoff til NRK.
– Om Tour de France blir avslutta utan norsk etappesiger, er det skuffande. Det trur eg både Alex og Edvald er samde i også, seier Gabriel Rasch.