Det blei nok ein lang kamp frå benken for Martin Ødegaard på treningsturné Etter at han fekk sjansen frå start i den fyrste treningskampen mot Roma har 16-åringen ikkje fått eit einaste minutt med speletid under oppkøyringa til Real Madrid i Australia og Asia.
Real med god kontroll
Men stjernene i Real Madrid klarte seg heilt fint utan supertalentet frå nord i kinesiske Guongzhou. Etter 29 minutt får Jese Rodriguez ballen i feltet, dreg seg fri og skårar iskaldt. Ei fortent leiing til spanjolane som har god kontroll på trenar Rafael Benitez tidlegare lag den fyrste omgangen.
Etter pause byttar Benitez inn fire nye mann, men vårt norske håp er ikkje ein av dei. Ti minuttar etter pause stangar den franske stopparen, Raphael Varane inn 2-0. Resten av kampen pregast som treningskampar flest av mange bytte.
Varma benken med Modric og Benzema
Men håpet norske fjernsynssjåarar sat med kvar gong fjerdedommaren retta opp skiltet sitt forsvann kvar einaste gong. Etter at ein time var spelt var endeleg Ødegaard i oppvarming, men det skulle også bli den einaste formen for aktivitet for unngutten i dag.
Heile 11 av spelarane på Real Madrid-benken fekk sleppe til på banen og sikra 3-0 sigeren med det siste målet frå James Rodriguez rett før slutt. På benken fekk Martin Ødegaard storfint besøk av Luca Modric og Karim Benzema. Torsdag spelar Real Madrid sin neste treningskamp mot eitt nytt Milano-lag, denne gongen AC Milan.
Les fyldig kampreferat ovanfor og måla til Real Madrid i videoen under.